Hopp til hovedteksten
Møljegyting
Sildesex: Ekkogram av sild som gyter ved bunnen.
Utskriftsvennlig versjon

Stormen Ole og møljegyting

Toktdagbok: Gytetoktet er no i gang att etter at stormen Ole sette ein stoppar for aktiviteten. Då kan det passa med litt info om silda og det ho eigentleg er på kysten for å gjennomføra, nemleg gyting!

 
Egil Ona er ekspert på akustikk, men han har også ein livleg fantasi. Dette har no resultert i ein liten tekst som kom ei sein natt på gytetoktet, då han oppdaga på ekkoloddet det han meiner er sild som gyt ved botn på Haltenbanken, og mjelke som svever rundt i vassmassane. Han kaller dette for møljegyting, og her er hans forståing av det som skjer:
 

Møljegyting – det er no det skjer!

 
Ho har venta lenge no. Heilt sidan ho forlot beiteområdet i Norskehavet, der ho gassa seg i raudåteskyene, har ho venta på dette. Etter haustmørkret sette inn, stemde ho imot land til overvintringsområda på norskekysten. Der prøvde ho so godt det var å unngå kval og fugl i fleire månader medan ho venta på dette. I store flak stod ho no meir eller mindre i ro og let temperatur og kjemi få veksle feitt til nytt liv inne i bukhola.  
 
Det er ikkje gitt alle å få lov og vandra sørover. Svoltne rovdyr som torsk og sei vaktar heile tida. Men no er timen komen, ho er snart klar, og med god fart sig massen sørover. Nokre er klare, andre er seinare i snuen. På Haltenbanken kjenner ho faktisk presset, og ho søkjer febrilsk ned imot botnen for å finne passande grus i nattemørket. 
 
Mange andre i stimen renner no ned imot botnen samstundes i same ærend, og hann-silda i flokken forstår brått kva som skal skje. Yre og ville kastar dei seg inn i same løypa. Lite veit vi om kommunikasjon mellom sild i denne fasen, for sild lagar lite lyd slik som torsk og hyse i denne kurtisen og paringa. Men vi kan tenkje oss at om natta er det sildelinjeorganet som er den beste sensoren, der blir avstand til nabofisk raskt registrert. 
 
Her kan sikkert mange fisk registrere dei spesielle kroppsskjelvingane som må til for å presse ut den gytemodne delen av rogna, som no er klar og opphovna. Her registrerer no truleg hannar i bra omkrets trykkbylgjene frå skjelvebygene, og dei hiv seg på i rekkje og rad. Mjelka sprutar frå gattet idet dei stuper seg inn imellom skjelvande hoer. Her er det førstemann til mølla som tel, ikkje pardans. Alle har same sjangs.  
 
Møljegyting skjer no nær botn med egg som etter befrukting sig sakte imot botnen og klebar seg til grus og sand. Store flak med egg ligg att på botnen, og nygytte egg legg seg oppå dei gamle. Mykje meir sperm enn naudsynt er trykt ut, og sjøvatnet blir som ei mjelkesupe der nede, som eit rom fylt av røyk, umogeleg å sjå og fotografera i. Skyene av mjelke, og kanskje også egg med feil særvekt stig no som tynne skyer, som røyk over silda. Ekkolodd med god sensitivitet kan vise oss silda nær botn, men også skyene med mjelke. Høgare frekvensar en det vi har til rådvelde ville ha vist dette betre, men det var det vi hadde denne turen. Neste år kan det bli betre ! 
 

 
Egil har nok mykje rett i det han fantaserer om når han ser på ekkoloddet. Vi har i tidlegare år forsøkt å filme silda når den gyter nord for Breisunddjupet ved Ålesund. Denne filmen viser at silda står i fare for å bli spist av mange store sei som ser ut til å setja pris på både silda og sildeegga. Denne predatoren held til på botnen tidleg om morgonen, der silda tidlegare på natta sto tett og gytte under kaotiske forhold. Så Egil si skildring av møljegyting er nok den einaste rette. Og dei gjer det i mulm og mørke om natta, når dei er vanskelegare å oppdage.

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Kontaktpersoner

Aril Slotte
995 19 782
Egil Ona
909 98 087