Hopp til hovedteksten
Tokt
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Sentrale forskningstokt

Mange av Havforskingsinstituttets forskningstokt er retta mot dei kommersielt viktigaste fiskeslaga, som torsk, sei, sild, lodde, kolmule og makrell.

Dei fleste overvakingstokta inngår i ein serie, der ein gjennomfører tokt til ei fast tid kvart år. Nedanfor er vist kva for toktseriar som er dei viktigaste for kvar av desse artane:

Nordøstarktisk torsk og hyse

Det sokalla 'vintertoktet', eit tokt som har vore gjennomført kvar vinter sidan tidleg på 1980-talet med 2-3 fartøy, er det viktigaste toktet etter torsk og hyse i Barentshavet. Dette toktet er både eit kombinert botntråltokt, der vi reknar ut relativ mengd av fisk ut frå fangstane i botntrål, og eit akustikk-tokt, der mengd av fisk blir rekna ut frå ekkoloddobservasjonar. Det er hovudsakleg den umodne delen av torskebestanden ein undersøkjer på dette toktet.

'Skreitoktet' er eit akustisk tokt med eit fartøy i Lofoten-Vesterålen i siste halvdelen av mars, der gytebestanden vert mengdemålt. Vidare undersøkjer ein Svalbardkomponenten av torskebestanden (den delen av torskestamma ein ikkje får undersøkt pga. is om vinteren) på ettersommaren.

'0-gruppetoktet' i august kartleggjer mengda av yngel i Barentshavet. Det er ein toktserie som strekkjer seg heilt attende til 1965. Resultat frå alle desse tokta vert saman med data frå fiskeria, lagt til grunn for den internasjonale havforskarorganisasjonen, ICES, sine bestandsberekningar og kvoteråd for nordøstarktisk torsk og hyse.

Seibestanden nord for 62 grader nord

Sidan 1985 har Havforskingsinstituttet gjennomført eit akustisk tokt etter sei langs kysten frå Finnmark til Møre i oktober-november. Ved sida av data frå fisket, er dette det einaste toktresultatet som inngår i bestandstakseringa og rådgjevinga for denne seibestanden.

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

På denne bestanden er det også mange faste tokt som ligg til grunn for forvaltingsråda frå Havforskingsinstituttet.

Overvintringsbestanden vert mengdemålt akustisk i desember kvart år. Sidan tidleg på 1980-talet har dette toktet vore gjennomført i Ofotfjorden-Tysfjorden og Vestfjorden.

I april vert larvemengda kartlagt langs heile kysten frå Rogaland til Troms.

Om sommaren er det to toktseriar i beiteområda i Norskehavet, eit tokt i mai-juni og eit i juli-august. Dette er internasjonale akustiske tokt der Noreg deltek med eit eller to fartøy. Ungsilda som oppheld seg i Barentshavet vart tidlegare kartlagt under eit tokt i juni, men dei siste åra har ein ikkje fått lov å arbeide i russisk økonomisk sone og har difor måtta sløyfe desse tokta. Ein får ein indikasjon på mengda av sildelarver som rek inn i Barentshavet under 0-gruppetoktet der i august.

Det sokalla 'fjordatoktet' på seinhausten kartleggjer yngelen som oppheld seg i norske fjordar frå svenskegrensa til russegrensa.

Resultat frå alle desse tokta, i tillegg til data frå merke- og gjenfangsttokt til ulike tider av året, ligg, saman med data frå fiskeria, til grunn for ICES sine bestandstakseringar og kvoteråd for norsk vårgytande sild.

Nordsjøsild 

For denne bestanden er eit internasjonalt akustisk tokt i juli, der Noreg og fire andre nasjonar deltar, det viktigaste toktet. I tillegg kjem dei internasjonale yngeltokta, som vert gjennomført to gonger for året, i første og tredje kvartal. Det er toktet i første kvartal som er det viktigaste for sild.

I tillegg vert det kvar haust (september) gjennomført eit internasjonalt sildelarvetokt i Nordsjøen, eit tokt Noreg deltok i for første gongen i 2000. Resultat frå alle desse tokta ligg, saman med data frå fiskeria, til grunn for ICES sine bestandstakseringar og kvoteråd for nordsjøsild.

Makrell

Sidan makrellen ikkje har symjeblære, kan ein ikkje med dagens teknologi mengdemåle makrellen med akustisk utstyr. Det viktigaste rutinetoktet etter makrell er eit internasjonalt eggtokt som føregår på gytefelta om sommaren. Toktet er svært arbeidskrevjande og vert difor berre gjennomført kvart tredje år frå 1977.

Nordsjøbestanden av makrell vert undersøkt på same måten, også den kvart tredje år. Resultat frå desse tokta ligg, saman med data frå fiskeria, til grunn for ICES sine bestandstakseringar og kvoteråd for makrell.

Kolmule

Om våren vert kolmulas gytebestand målt akustisk på gytefelta vest av Irland. Denne tidsserien går attende til byrjinga av 1970-åra. I nokre av åra på 1990-talet var dette eit sams tokt mellom Noreg og Russland, men i dei seinare åra har Noreg vore aleine om å gjennomføra desse tokta, som går frå midten av mars til slutten av april.

I beitesesongen vert kolmula som oppheld seg i Norskehavet kartlagt på sommartokta, sjå avsnittet under norsk vårgytande sild. Resultat frå desse tokta ligg, saman med data frå fiskeria, til grunn for ICES sine bestandstakseringar og kvoteråd for kolmule.

Lodde

Det årlege 'hausttoktet' i september-oktober, er det viktigaste toktet der loddebestanden i Barentshavet vert undersøkt med deltaking av to norske og to russiske fartøy. Toktet er eit akustisk tokt, der heile bestanden vert dekka. Denne tidsserien går attende til 1972.

I tillegg gjennomfører Noreg eit larvetokt i juni, og det norsk-russiske 0-gruppetoktet i august gjev også informasjon om rekrutteringa til loddebestanden. Når det gjeld kvotetilrådingane byggjer dei utelukkande på hausttoktet, og denne loddebestanden er den einaste av ICES-bestandane som vert regulert etter tilrådingar basert på eit årleg, akustisk tokt.

Toktdagbøker

Noen tokt har toktdagbøker.

Se alle toktdagbøkene.