Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Utstyr

'Jan Mayen' er utstyrt med ein Campelen reketrål, ein standard botntrål til bruk under prøvetaking om bord på alle norske forskingsfartøy, og ein standard Harstad loddetrål som blir brukt til pelagisk tråling i dei øvre vasslaga.

Det russiske fartøyet nyttar same botntrål som det norske. Trålane er vidare utstyrt med Scanmar sensorar (trålauge) som målar avstanden mellom tråldørene, høgd på trålopninga, tråldjup (botnkontakt) og temperatur.

Avanserte ekkolodd på brua og i instrumentrommet målar også botndjup, fiskeførekomstar og fisketettleik (men ikkje av blåkveite som manglar symjeblære).

Hydrografiske data som temperatur og saltinnhald blir målt på ein del stasjonar med såkalla CTD-sondar.