Hopp til hovedteksten
fartoy.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Dagbok frå eit forskingstokt til Svalbard

Korleis kan forskarane eigentleg vite kor mykje fisk det er i havet? Korleis går dei fram for å kartlegge eit havområde? Og korleis er livet om bord i eit forskingsfartøy?

monika_lab.jpg
Dette ville vi på informasjonsavdelinga vite litt meir om, derfor mønstra Monika von Minden på FF "Jan Mayen" til Svalbard saman med seks andre toktdeltakarar. Væpna med oljebukse og elektroniske målebrett kasta dei seg over kjente og ukjente artar som ramla inn på laboratoriet frå stadig nye trålhal.

Ruta gjekk på kryss og tvers rundt heile øyriket, berre stoppa av iskanten lengst nord.