Hopp til hovedteksten
broen.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Skjulte rom

Måndag 15. september
Eg høyrer pusting og pesing frå døropninga ned til nedste dekk, der ingen oppheld seg til vanleg. Aha... No skal eg ta dei på fersken! Eg beinflyr tre etasjar opp til instrumentrommet, triv til meg kameraet og spurtar ned igjen. Listar meg stille ned til botnen av båten, og... Knips! Trimgjengen er foreviga!

Måndag 15. september

Eg høyrer pusting og pesing frå døropninga ned til nedste dekk, der ingen oppheld seg til vanleg. Aha... No skal eg ta dei på fersken! Eg beinflyr tre etasjar opp til instrumentrommet, triv til meg kameraet og spurtar ned igjen. Listar meg stille ned til botnen av båten, og... Knips! Trimgjengen er foreviga!

Monika von Minden

Jaktsesongen har starta, no skal kondisen opp så dei kan gå rett på rypejakt etter endt tokt. Espen held på å gå inn dei nye fjellskoa han kjøpte i Longyearbyen før vi reiste, og sveittar seg gjennom mil etter mil på tredemølla. Ivan, derimot, sluntrar visst unna jaktoppkøyringa... Skipper og styrmann har sine faste treningsøkter, elles får trimapparata stå i ro for vår del.

Båtens livpuls

maskinrom.jpg

Maskinrommet er spennande. Arkivfoto frå eit anna fartøy, 'Sarsen'.
Det er eitt rom til her som ligg i det skjulte. Men utan dette rommet hadde ingenting fungert, verken straum, vatn eller framdrift på båten. Chiefen tek meg med på omvising i maskinrommet, som viser seg å vere atskillig meir komplekst enn eg hadde førestilt meg. Eg ante for eksempel ikkje at eg har dusja i sjøvatn dei siste vekene! Det vil sei; sjøvatn blir omgjort til ferskvatn om bord gjennom ein kokeprosess. Vi kan visst produsere 7-8000 liter ferskvatn i døgnet, kan han fortelje. Det gjeld å halde seg på godfot med maskinsjefen, såpass forstår eg når eg ser kraftpanelet som dekkjer heile langveggen. Eitt lite knappetrykk så hadde heile båten vore mørklagt. Med øyreklokkene godt polstra til hovudet ruslar vi rundt i sjølve maskinrommet, vanvittig mykje støy! Her er det turbinar og instrument for drift av både hovudmaskin, propell, kjølelager, straum og mykje anna som eg ikkje anar kva er. Det er godt at chiefen gjer det!

Ukjente artar
Vi har mange store fiskebøker om bord, likevel kan det vere uhyre vanskeleg å finne namnet på enkelte av fiskane vi får i trålen. Det gjeld særleg dei forskjellige typane ringbuk, ålebrosmer og reker. Thomas leitar ivrig etter kjenneteikn og mønster, og samanliknar med opplysningar vi har fått frå ulike forskingsmiljø. Dei vanskelegaste artane fotograferer han frå ulike vinklar, og fargeutskrifter skal lette identifiseringa om bord. Dei siste åra har han opparbeidd ei omfattande fotosamling av fiskar og reker. På dette toktet har han så langt funne ni ulike rekeslag, no skal alle takast med på land igjen for endeleg avklaring av kva dei heiter. Det kan lette arbeidet til neste år, når vi igjen skal på tokt her ved Svalbard.

Havets artistar

hval.jpg

Knølkvalen er lett å kjenne på munnen som er nesten oppå hovudet, og dei små klumpane. Arkivfoto: Gjermund Bøthun.
Kapteinen kjem springande inn på instrumentrommet der eg sit med min berbare pc og skriv dagbok. Kom og sjå! ropar han, før han spring opp på brua igjen. Eg triv kameraet og spring etter, kva er det no som skjer? I det eg kjem opp og kastar blikket ut vindauga ser eg to svære vassøyler som står rett til vers. Jammen, det er jo... Kval! Noko så kult! Den svære kroppen stryk nesten borti baugen i det den boltrar seg langsmed skutesida vår. Utruleg stilig! Nei, no vart han borte... Der! Der er to andre kvalar! Eg hyler til, og kastar meg halvvegs ut av vindauget med kameraet i skytestilling. Kom igjen no, då... Kor vart den av igjen? Sju stemmer bak meg ropar til når det plutseleg dukkar opp kval på alle sider av båten. Eh... Litt forvirra no... OK, eg prøvar å knipse på denne sida. Yes! Der fekk eg ein flik av knølkvalen som leikent glei bortetter vasskorpa på styrbord side. Vakkert.