Hopp til hovedteksten
krokulke_lite.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Siste stopp

Tysdag 16. september
Vi har tatt vårt siste trålhal, og er ferdige med alt som heiter fiskesortering og vassprøver nede i laboratoriet. Isfjorden nærmar seg, vi er snart tilbake i Longyearbyen. Men den som trudde vi kunne slappe av no, tok grundig feil...

Tysdag 16. september

Vi har tatt vårt siste trålhal, og er ferdige med alt som heiter fiskesortering og vassprøver nede i laboratoriet. Isfjorden nærmar seg, vi er snart tilbake i Longyearbyen. Men den som trudde vi kunne slappe av no, tok grundig feil...

OK, då går vi berre ned og begynner, alle saman! Harald leier an, dette var eg ikkje heilt førebudd på... men det er jo berre rett og rimeleg at vi skal gjere det. Vi får på oss oljebukse, støvlar og hanskar igjen, og gyv laus. Kniven bytast ut med andre, effektive våpen: vaskemiddel og skurekostar. Her skal det vaskast! I det eg litt nølande sprutar nokre solide doser Jif skurekrem oppi vaskebøtta, begynner Thomas å le. Du er ei moderne kvinne, Monika, seier han, du kan jo ingenting om vasking! Det er muleg han har eit poeng, men eg innrømmer ingenting. Sjøen går høgare no, må halde meg fast for ikkje å ramle medan eg vaskar veggar og skap på det gamle våtlaboratoriet. Harald og Willy tek rotta på den nye våtlaben, medan Eilert sit oppi avtrekksskapet og vaskar og forkynner at her var det forferdeleg mykje skit! Vi tek ein velfortent vaskedram når alle krokar skin, og skålar for godt gjennomført tokt. Kva har eg så lært av å vere med på dette forskingstoktet?

Når eg tenkjer meg om, så er det ganske mykje. Eg har lært meg namna på fiskar som eg aldri har sett før, og eg veit no korleis eg finn ut om ei blåkveite er jente eller gut. Eg har lært korleis eg skal skjære i fisken for å finne otolittane, og lese årringane på den for å finne fiskens alder. No veit eg også korleis forskarane samlar alle opplysningane dei får om fiskens lengde, vekt og alder, og sikrar seg at alt blir korrekt. Kva meir? Jau, eg har lært meg å drikke kaffi til alle døgnets tider for å halde meg vaken gjennom skifta, og at det ikkje er lov å mate isbjørnar. Sjølv om dei er kjempesøte... Eg har lært meg kva ei tråldør er, og at fiskarar klappar svære haiar på hovudet. Og at halveksentriske forskarar eigentleg er ganske søte.

Denne førstereisjenta går i land, sjarmert av den nye verda eg har fått eit glimt inn i. Kven skulle tru at forsking kunne vere så artig? Og gje slike fantastiske naturopplevingar i eksotiske farvatn? For ikkje å snakke om samhaldet om bord og den særeigne kulturen i dette flytande samfunnet, som for ein landkrabbe er ganske fascinerande. Takk for at eg fekk vere med dykk på tokt, og takk for at de gjorde dette til ein tur eg aldri kjem til å gløyme.

Monika von Minden

krokulke_lite.jpg

paddeulke_lite.jpg

panserreke_lite.jpg

polartorsk_lite.jpg

vortekjeks_lite.jpg

Eg har lært meg namna på fiskar som eg aldri har sett før...