Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Russiske døgn

Søndag 14. september
Vi passerer ei usynleg grense. Og det må eg verkeleg seie; det er fantastisk flott her i Russland! Har aldri vore her før, men dette overgår altså alle forventingar eg hadde på førehand. Blått hav så langt auga kan sjå, måsar som flaksar forbi, blå himmel og duvande bølgjer. Forresten... Verkar litt kjent, dette her...


Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck

Søndag 14. september

Vi passerer ei usynleg grense. Og det må eg verkeleg seie; det er fantastisk flott her i Russland! Har aldri vore her før, men dette overgår altså alle forventingar eg hadde på førehand. Blått hav så langt auga kan sjå, måsar som flaksar forbi, blå himmel og duvande bølgjer. Forresten... Verkar litt kjent, dette her...

Monika von Minden

Kanskje ikkje så rart. Er no stas likevel å vere i russisk sone, sjølv om det ikkje finst synlege teikn på det her ute i det store Barentshavet. Det har gått 24 timar sidan vi meldte frå over radio om at vi går inn i sona, slik prosedyren krev. På førehand har vi også søkt skriftleg om dette, og fått grønt lys frå russiske styresmakter. Så no er det fritt fram! Men nok ein gang hindrar isen oss i å komme så langt nord som vi ønskjer. Vi blir tvungen til å gå inn i russisk sone lenger sør enn planlagt, dermed blir det også færre stasjonar og færre forskingsfangstar. Det er likevel viktig å ta turen som planlagt når vi først har fått løyve frå russarane til det.

Russarkontakt
Stille hav gjer det enkelt å vere landkrabbe om bord, og det russiske vêret står ikkje tilbake for det norske. Eitt døgn tek det oss å køyre sikksakk mellom stasjonane vi kvart år kjem tilbake til for å sjekke fiskebestandane. Vil vi finne blåkveite her i år også? Er det meir lodde her enn i fjor, eller har bestanden gått tilbake? Snart veit vi svaret på det. I mellomtida har Harald og kapteinen noko på gang; dei går skytteltrafikk til datarommet på brua for å sende og motta e-postar. For beskjeden vi har venta på, har tikka inn; våre russiske kollegaer frå havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk har lagt frå kai, og stimar nordover i Barentshavet. Vi blir einige om å møtast neste dag, i norsk sone. Glimrande! Då kan vi tråle saman som planlagt, og samanlikne fangstane etterpå. Vi gjer oss ferdig i russisk sone, og går mot den norske medan solnedgangen mjukt lyser opp leia.

Smirnov og Larsen
Nei, dette er ikkje henta ut frå ei norsk vinmonopolliste, dette er namna til toktleiarane på dei to forskingsfartøya som snart møtast i Barentshavet. Det er to år sidan dei først tråla saman her nord, men då hadde dei berre kontakt over radiosambandet. I fjor møttest dei for første gang ansikt til ansikt, under eit blåkveitemøte i Murmansk. Det er jo kjekkare å jobbe saman når eg veit kven han er, forklarar Harald. Smirnov har også vore i Bergen og besøkt Havforskingsinstituttet fleire gangar for å utveksle otolittprøver og kunnskap om blåkveita.

Samtråling


Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck
Harald, this is Oleg, can you hear me? Over! Det sprakar i radiosambandet, vi har kontakt. Langt, langt der borte ser eg lys i den dunkle kveldinga. Lysa kjem stadig nærare, det er Smirnov og gjengen. Eit par hundre meter frå oss stoppar båten opp. Harald spør om vi skal ta 10 trålhal saman? Okay. Okay Harald, svarast det med umiskjenneleg russisk aksent. Så er vi i gang. Med 350 meters avstand går båtane med 3 knops fart og trålar ein halvtime om gangen. Harald forklarar at forskingsdata frå russarane lett kan samanliknast med våre eigne når vi køyrer slike fellesopplegg, derfor er det så viktig å få det til. Det viser seg å vere bra samsvar mellom fangstane våre, med ei jamn blanding av lodde og polartorsk. Blåkveite derimot er det heller skralt med. Eit døgn seinare er alt i boks, det sprakar i radiosambandet igjen frå ein veldig fornøgd Oleg; OK Harald, welcome to Murmansk next year, see you!