Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Gjennomføring

Toktets dekningsområde er delt inn i sju ulike underområde; nord av Svalbard opp til drivisgrensa, aust mot Franz Josefs land og sør til Hopendjupet (sjå figur).

Kvart underområde er vidare delt inn i tre ulike djupneområde:

  • 100–300 m
  • 300–500 m
  • djupare enn 500 m

Under tilsvarande tokt i fjor vart det tråla på totalt 95 stasjonar fordelt på desse under- og djupneområda. Dette stasjonsnettet skal danne utgangspunkt for ein indeks for talet på, mengda og utbreiinga av dei enkelte fiskeslaga i heile området.

Trålen blir taua etter båten i ca. 3 knops fart, og er vanlegvis ute i 30 minuttar om gangen. Heile fangsten i kvart trålhal blir sortert etter art. Heile fangsten eller ein delprøve av all fisk (og reker) blir lengdemålt og vege.

Blåkveita er den viktigaste arten på dette toktet, derfor bestemmer vi også kjønn og modningsgrad på den. I tillegg samlar vi inn øyresteinane (eller otolittane), og eit visst tal blir fordelt på lengdegrupper og underområde (= stratifisering).

Øyresteinane viser vekstsoner slik som årringane på eit tre, og kan seinare brukast til å bestemme alderen på fisken. Alle målingar blir gjort ved hjelp av eit elektronisk målebrett som er kopla til ein PC, slik at dataa blir overført direkte til ein database, saman med annan informasjon som dato, tid, posisjon og djup for trålhalet.