Hopp til hovedteksten
blaakveite.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Formål

Tidsrom: 1. september – 16. september 2003.

blaakveite_stort.jpg

Blåkveite. Klikk på biletet for å sjå det større format.
Toktet skal dekkje fiske- og rekeførekomstane i Svalbard-området. Under toktet skal vi måle mengde og utbreiing av yngel og ungfisk av blåkveite. Vi skal også samle inn data til ressurskartlegging og forsking på reke.

Etter planen skal vi også tråle eit par dagar saman med eit russisk forskingsfartøy frå havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. Det skjer i russisk sone, etter at vi har søkt om og fått lov til å komme inn i denne sona.

Under dette årvisse toktet er det også vanleg å ta hydrografiske målingar på stasjonane vi tek prøver ved, med unntak frå samtrålinga med russarane. Dette blir kalla CTD-profil. Ei vassprøve frå største djup blir tatt for å kontrollere og kalibrere CTD-verdiane.