Erfaringar med Resistance Board Weir-fangstsystemet i Etnevassdraget 2013-2014 (Rapport fra Havforskningen nr. 6-2015)

Sammendrag

Mengda av rømt oppdrettslaks i Etnevassdraget har uroa både fiskeri- og miljøforvaltinga sidan registreringane starta på slutten av 1980-talet. Det vart difor bestemt å testa den nordamerikanske laksefella Resistance Board Weir gjennom eit 3-årig prosjekt. Fella har vore i drift frå 2013. Den representerer ei unik forskingsplattform og ein relativt effektiv metode for fjerning av rømt oppdrettsfisk i vassdrag. Teknologien er robust og har tolt ekstrem flaum i Etneelva.