Hopp til hovedteksten
Kasteområde
Seltelletoktet har nådd fram til et kasteområde for sel. (Arkivfoto)
Utskriftsvennlig versjon

Forskar på avliving

To medarbeidarar frå Havforskingsinstituttet er med selfangstskuta "Kvitbjørn" til Vestisen. Der skal havforskar og veterinær Kathrine Ryeng og forskingsteknikar Nils Erik Skavberg finne ut korleis selen vert avliva under fangst.

Det er første gong det vert gjennomført ei slik undersøking.

– Vi skal sjå korleis fangsten føregår i høve til krava som gjeld for dyrevelferd. I første rekkje gjelder det å dokumentere korleis sjølve avlivinga føregår, det vil seie kor lang tid det tek frå skotet går til dyret er dødt, fortel Ryeng. Her kan du lese rapportane deira frå Vestisen.