Hopp til hovedteksten
Maling_av_hummer1000.jpg
 Måling av hummer
Foto: Tor Birkeland
Utskriftsvennlig versjon

Europeisk hummar

I heile etterkrigstida fram til 1960-talet var Noreg blant landa i Nord-Europa med dei største fangstane av hummar.

Inntektene frå hummarfisket var store og viktige for mange yrkesfiskarar på kysten. Fangstane låg årleg mellom 600 og 1000 tonn. Dei siste 25 åra har dei offisielle fangstane vore under 100 tonn, og sidan ca. 1987 har dei variert mellom 30 og 60 tonn kvart år.

Hummaren finst vanlegvis frå 5 til 50 meters djup. I norske farvatn lever hummaren langs kysten frå svenskegrensa til Trøndelag, og sporadisk i Nordland, for eksempel Tysfjord.

Hummaren lever hovudsakleg på hardbotn med skjulestader i steinrøyser, kløfter eller i holer under store steinar. Ved mangel på steinbotn grev hummaren holer i fastpakka sand- og leirbotn. Han ligg roleg i skjul om dagen, og jakter aktivt på byttedyr om natta. Hummaren er generelt lite aktiv om vinteren når sjøtemperaturane er låge.

Ei undersøking i Sverige viser at hummaren sin diett i hovudsak består av eremittkreps, kongesnegle, børstemark og blåskjel. Han et også det som måtte vere tilgjengeleg av åtsel.

Hummaryngel under 7 cm er aldri påvist i utbreiingssområdet. Han slår seg ned på botn når han er om lag 3−4 cm lang. Larven har fire pelagiske stadie (juli−august). Larvene i dei to siste stadia er dyktige symjarar. Berre dei to første stadia er funnen i planktonundersøkingar.

Trass iherdig innsats har ein enno ikkje funne yngel på ”fyrstikkeskestorleik” verken i Noreg, Storbritannia, Irland eller Italia. Ei rekkje fisk og krepsdyr, særleg leppefisk, ulke, torsk og strandkrabbe, jaktar på nyleg utsett hummaryngel. Det er derfor nærliggjande å tru at når hummaren byrjar å leve på havbotnen er det viktig å leve dei første åra fullstendig skjult.

Undersøkingar frå Kvitsøy i Rogaland viser at nokre hoer byrjar å leggje ut egg ved 22 cm totallengd. Ved 25 cm er alle hoene kjønnsmodne, men kjønnsmodninga kan variere frå område til område. I Tysfjord i Nordland er det ikkje uvanleg å finne rognhummer på 18 cm. Storleiken på rognhummar ser ut til å vere likt for Vestlandet og Sørlandet.

Forplanting skjer hos hummaren om sommaren, i tilknytning til skalskifte. Når hoa skifter skal har hannen anledning til å pare seg og overføre pakkar med sperm (spermatoforer). Oppbygging av innrogn (eller hovudrogn) tar ca. eitt år, og egga blir lagt ut og fester seg på symjeføtene under bakkroppen. Videre tar det om lag eitt år før egga vert klekte, og dei frittsymjande larvene vert sleppte. Det skjer i løpet av dei tre sommarmånadene. Fargen på larvene kan variere. Både raudlege, grønlege og blålege larver er observerte.

Etter klekking lever hummarlarvene fritt i vassmassane, og i denne perioden skifter dei skal tre ganger. I det siste stadiet er hummaren 15–20 mm lang og liknar ein minihummar. På dette stadiet endrer larven symjeåtferd og søkjer mot botn for botnslåing.

Forsøk har vist at hummar kan botnslå seg på grus, skjelsand og mudderbotn. Kva slags botn den ville hummaryngelen eigentleg føretrekkjer veit vi ikkje.

I 2006 fikk hummaren, som første norske art, eigne "naturreservat". Fiskeri- og kystdepartementet oppretta fire bevaringsområde for hummar i Aust-Agder, Vestfold og Østfold. Havforskingsinstituttet gjennomfører årleg prøvefiske i tre av dei fire bevaringsområda, samt i kontrollområde som er opne for regulert fiske.

Fakta om europeisk hummar

Latinsk namn: Homarus gammarus
Familie: Nephropidae
Utbreiings-, gyte- og beiteområde: På stein- og grusbotn, helst der dei kan lage holer med fleire inngangar. Vanlegast frå 5−40 meters djup. Langs kysten frå svenskegrensa til Trøndelag, og sporadisk i Nordland, for eksempel Tysfjord.
Alder ved kjønnsmodning: 5−13 år.
Storleik ved kjønnsmodning: 76−85 mm ryggskjold (22−25 cm totallengd). Minst ved Hvaler, gradvis større mot vest og nord.
Maksimal alder: Hannar 40 år, hoer 70 år (britisk studie).
Maksimal storleik: Største eksemplar fanga veide 9,3 kg (1931, Wales). Vert sjeldan fanga over 140 mm ryggskjoldlengd (38 cm totallengd).

Prosjekter

Merket hummer:

Har du funnet en merket hummer? 
Les mer om hva du bør gjøre: Merket hummer

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Alf Ring Kleiven
938 71 639
Ann-Lisbeth Agnalt
488 67 521