Hopp til hovedteksten
Lakselus
Utskriftsvennlig versjon

Generell biologi

Lakselus har ti livsstadium: 

Stadium 1-3:

1. og 2. naupliusstadium og copepoditten er frittlevande stadium etter klekking. Det er copepoditten som infiserer laks. Den har ei levetid på opptil ein månad i laboratoriet, men normal levetid i naturen er ikkje kjent. Hvis copepoditten finn ein laksefisk, vil den danne eit frontalfilament for å feste seg til hud, gjerne på bukside eller finner. Copepoditten er òg observert på gjellene. Den skifter skal og har så fire fastsitjande stadium (chalimus-stadium).

Stadium 4-7:

Chalimus-stadium: Fastsitjande stadium.

Stadium 8-10:

Mobile stadium (preadulte og adulte): Etter at lusa har skifta skal til første preadulte stadium, er det mogeleg å sjå forskjel på kjønna. Det kan spesielt sjåast på kjønnssegmentet. Dette er beskrive for dei enkelte stadia vidare. Storleiken på lakselus varierer med årstidene og mellom ulike lokalitetar.

Laks med lusKlikk for stort bilde

Laks med lus.

Foto: Samantha Bui
Lakselusa sin livssyklus. (Schram 1993)

Copepoditt

Kroppen består av to regionar: a) Cephalothorax og b) bakkropp som har fire segment med ekstremitetar. Cephalthorax er forma ved samansmelting av hovude og dei to første kroppssegmenta. Bakkroppen er forma av 3. til 5. kroppsledd og eit avlangt segment som er danna av fusjonen mellom kjønnssegmentet og bakkroppen. Copepoditten kan vere vanskeleg å finne på laksen. Når han har funne ein eigna stad å slå seg ner, går han i skalskifte til Chalimus I og dannar eit frontalfilament til å halde seg fast med. Copepoditten har generelt ikkje frontalfilament. 

Chalimus

Chalimus I (første fastsitjande stadium): Cephalothorax inkluderer her også det tredje kroppssegmentet. Framtredande på lusa er frontalfilamentet som vert festa til laksen. Segmenteringen er noko redusert frå copepodittstadiet.

Chalimus II:
Cephalothorax inkluderer no delvis det fjerde kroppsleddet og grensene mellom cephalothorax og kroppssegmenta er utydelege. Det er ellers liten forskjel mellom ekstremitetane hos andre og første chalimus.

Chalimus III:
Det fjerde kroppssegmentet er no fullt inkludert i cephalothorax. Det er også eit tydeleg skilje mellom det femte segmentet og den bakre kroppen (2), som har begynt å differensiere kjønnssegmentet og bakkroppen. Ei H-forma linje (3) har begynt å vise seg på det dorsale (øvre) skalet.

Chalimus IV:
Det fjerde chalimusstadiet er generelt likt det tredje stadiet, men med ein tydelig forskjel i storleik. Kjønnssegmentet og bakkroppen er framleis ikkje tydeleg adskilt. Nokre timar etter at lusa har festa seg kan ein ofte sjå ei mørk pigmentring (opphoping av melanomakrofargar) i laksehuda rundt frontalfilamentet som lusa har danna. Flest chalimus kan som regel observerast på finnene og på buksida. Utan bruk av lupe er det stort sett kun chalimus III og IV som kan sjåast, då på buksida som lysebrune knappenålshovud, tidvis med punktblødningar. På dei mørkare partia kan det observerast små groper der lusa sit. Det er lusa sin eigen spiseaktivitet som lager desse gropene.

Mobile stadium

Preadult I (første unglusstadium): Lusa kan no vandre på laksen si hudoverflate. Enkelte av preadult I kan bli observerte med frontalfilament, då den i overgangen til preadult II fester seg att. Både som preadult og adult er holusa større enn hannlusa. Det er først no ein kan sjå forskjel på kjønna. Kjenneteiknet er kjønnssegmentet. Hoene har her ei meir trekanta form (4) mens hannene sitt kjønnssegment er meir tønneforma (5). Denne forskjellen blir meir uttala hos preadult II og adulte lus.

Preadult II: Hoa sitt kjønnssegment er blitt større. På den bakre delen av kjønnssegmentet (6) blir trekantformen utvikla vidare og "lobene" strekkjer seg ut bakover og forbi framre del av bakkroppen. Hannen sitt kjønnssegment er som før meir tønneforma (eller ovalt) (7). Cephalothorax hos preadult og adult er i form relativt like. Storleiken varierer imidlertid mykje. No er det ikkje vanskeleg å sjå forskjel på kjønna utan lupe. Preadulte kan finnast over heile laksen, men dei sit gjerne på fisken sitt hovude, gjellelok og ryggside. 
 
Adult ho:
Den vaksne hoa er lettast gjenkjenneleg, då ho ofte også har eggstrenger. Cephalothorax er ovalt. Det femte segmentet er kortare og smalare enn kjønnssegmentet. Hos unge hoer er kjønns-segmentet lik det hos preadult II hoer. Hos eggberande hoer og dei som allereide har produsert eggstrenger, er dette segmentet tydeleg større med avrunda anteriolaterale hjørne og framtredande posterolaterale lober. Bakkroppen er i eitt segment med sylindrisk tverrsnitt og er omtrent like langt som kjønnssegmentet. Hoene sit spesielt i området bak fettfinna og bak gattfinnene. Gjelleloka kan også ha fleire holus.
 
Adult hann:
Cephalothorax er likt som hos hoa, men mindre i storleik. Kjønnssegmentet (12) er ovalt og har omtrent samme bredde som det femte segmentet. Bakkroppen (13) er eitt segment, sylindrisk og noko kortare enn kjønnssegmentet, til forskjel frå hoene. Hannene kan finnast over heile laksen, men ser ut til å føretrekkje dei framre regionane, då særleg hovudet, gjelleloket og ryggområdet. Hannen held ofte preadulte hoer (precopulae) i påvente av hoa sitt skalskifte og dermed mogelegheit for parring.

Fakta om lakselus

Latinsk namn: Lepeophtheirus salmonis
Utbreiing: Finst naturleg i norske farvatn. Omfanget har auka monaleg i takt med veksten i oppdrettsnæringa.
Biologi: Lakselusa er ein parasitt med ti livsstadium fordelt på tre frittlevande, fire fastsitjande og tre mobile stadium. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Storleik: Vaksen ho: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), vaksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod frå laksefisk. Lusene et først når dei sit på ein vertsfisk (fastsitjande og mobile stadium).
Formeiring: Heile året, men formeirar seg hurtigare når temperaturen aukar utover våren.
Spreiing: Frittlevande stadium spreier seg via fjord- og kyststraumar.
Bekjemping: Biologiske middel (leppefisk) eller kjemikaliar (legemiddel).

Kontaktpersoner