Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Status, råd og fiskeri

Bestanden av snabeluer viser ei positiv utvikling, og rekrutteringa har auka dei seinare åra. Bestandsbiomassen i 2014 er estimert til 1,2 millionar tonn.

Snabelueren vert kjønnsmoden ved 12-årsalderen. Dagens gytebestand består derfor nesten berre av aldersgrupper som er fødde før 2000. I åra mellom 1996 og 2004 var årskulla svært svake. Dei store årskulla som er fødde etter 2004 vil ikkje inngå i gytebestanden før etter 2016. Før den tid vil derfor gytebestanden minke. ICES vedtok at det kommersielle fiskeriet kan ta ut opptil 30 000 tonn årleg i perioden 2015-2017, inkludert bifangst og utkast, og at dei eksisterande tiltaka for å beskytte yngel og ungfisk samtidig bør vidareførast.

Fiskeri

Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangstfiske av nemneverdig omfang, føregår med trål. Fisket blir regulert ved hjelp av bifangstreglar og stengde område. Førebelse tal for 2016 viser at ca. 28 000 tonn er fiska med botntrål (inkl. bifangst) og 1800 tonn av dette er tatt med flytetrål i internasjonalt område (Smutthavet) i Norskehavet. Av dette har Noreg fiska ca. 17 850 tonn. Sidan 2014 har direkte fiske etter uer med flytetrål og botntrål i norske område vore tillatt, avgrensa av sesong og stengte område. Ved fiske med trål til andre tider og i andre område utanfor 12 nautiske mil frå grunnlinene er det tillate å ha inntil 20 % bifangst av uer i vekt i dei enkelte fangstar og ved landing, mens det innanfor er tillate med 15 % bifangst. Bifangst av uer i rekefisket er regulert, og maksimal innblanding av uer er 3 individ per 10 kg reke. Der har vore ein rask auking av norsk fangst i dei siste åra, frå 1 835 tonn i 2013 til 19 500 tonn i 2015 og 17 850 tonn i 2016. Norsk fangst i 2016 var 80 % av totalfangsten i Norskehavet og Barentshavet.

Nøkkeltal:

KVOTERÅD 2017: Inntil 30 000 tonn i norske område og internasjonalt område i Norskehavet. Tiltaka som alt er på plass for å verne yngelen bør oppretthaldast.
FANGST 2016: Norsk fangst: om lag 17 850 tonn / Samla internasjonal fangst: om lag 28 000 tonn.
NORSK FANGSTVERDI 2016: Ca. 205 mill. kroner for begge uerartane samla.

Fakta om snabeluer

Latinsk navn: Sebastes mentella
Andre norske namn: Nebbuer, djuphavsuer
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 47 cm og 1,3 kg
Levetid: Over 70 år
Leveområde: Barentshavet, Svalbard og kontinentalskråninga (400–600 m) mot Norskehavet sør til britisk sone. Føretek også næringsvandringar ut i det pelagiske Norskehavet (300–450 m)
Hovudgyteområde: Langs heile eggakanten frå britisk sone til Bjørnøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton viktigast dei første leveåra. Deretter større plankton og fisk
Særtrekk/artighet: Ueren ynglar, dvs. han “gyt” levande larvar

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde