Hopp til hovedteksten
Raudspette
Foto: Ingunn E. Bakketeig
Utskriftsvennlig versjon

Raudspette

Raudspette finst i det austlege Atlanterhavet frå Barentshavet i nord og sørover til Middelhavet og kysten av Afrika.

Arten er delt i ei rekkje bestandar, og bestanden i Nordsjøen er den klart største. Raudspetta finst ned til om lag 200 meter, ho kan bli opptil 1 meter og 7 kilo, men i Nordsjøen er ho sjeldan så stor.

Gytefelta for nordsjødelen av bestanden er i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen. Det går føre seg ein vandring mellom desse gyteområda og leveområda lenger nord i Nordsjøen, og noko av denne vandringa føregår pelagisk (altså i dei frie vassmassane). Gyting ved Skagen og mot sørvestlege Skagerrak er førebels dårleg dokumentert. Larvedrifta er varierande med vêr og vind, og frå første leveåret finst larvane på grunne sanddyner (0-3 m). Seinare i livet vandrar raudspetta djupare og migrerer lite. Ein stor del av den umodne raudspetta i Skagerrak stammar frå gytefelta i Nordsjøen. Skagerrakbestanden viser større vandring enn den delen som lever i Nordsjøen, og også ein del av den vaksne bestanden vandrar austover mot nordre Kattegat.

Som vanleg hos flatfisk veks hoa mykje raskare enn hannen og blir monaleg større. Kjønnsmogninga skjer vanlegvis ved 2–3-årsalder, og seinare for hoer enn for hannar.

Vaksen fisk et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudingar og små fisk.

 

Fakta om raudspette

Latinsk namn: Pleuronectes platessa
Familie: Flyndrefamilien (Pleuronectidae)
Andre namn: Flyndre
Maks storleik: 70 cm og 3,5 kg
Levetid: Meir enn 20 år
Leveområde: Nordsjøen og Skagerrak
Gyteområde: Sentrale og sørlege Nordsjøen
Gytetidspunkt: Januar–februar
Føde: Botndyr
 

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri

Ifølgje ICES er bestanden i god forfatning og vert hausta bærekraftig.


les meir