Hopp til hovedteksten
Hyse_tegning372.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat

Hysa finst på begge sider av Atlanterhavet og er stort sett oppdelt i dei same bestandane som torsk, bortsett frå at det ikkje finst nokon hysebestand i Austersjøen.
 

Nordsjøhysa gyt i perioden mars–mai i dei sentrale delane av Nordsjøen. Oppvekstområda er kystnære område i Morray Firth, rundt Orknøyane og Shetland og langs eggakanten på ca. 200 m djup frå Shetland til Skagerrak. Hysa produserer med ujamne mellomrom særs sterke årsklasser som kan dominere fangst og bestand gjennom fleire år.

I motsetnig til torsk, veks hyse i Nordsjøen mykje seinare enn i Barentshavet. Til trass for dette vert nordsjøhysa tidlegare kjønnsmoden, stort sett når ho er to til tre år gamal. Ho er då om lag 28 cm lang. Fem år gamal er ho 38–45 cm lang.

Hysa er ein typisk botnfisk og et hovudsakleg botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner, men tobis og sildeegg står òg på menyen.

Dei siste 50 åra har utbreiinga av nordsjøhyse endra seg. Tidlegare fanst det ganske mykje hyse sør i Nordsjøen, men no lever mesteparten nord for ei linje mellom Newcastle og Hanstholm. 


 

Fakta om hyse i Nordsjøen og Skagerrak

Latinsk namn: Melanogrammus aeglefinus
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Andre namn: Kolje
Maks storleik: 60 cm og 4 kg
Levetid: 15 år
Leveområde: Nordsjøen/Skagerrak
Gyteområde: Sentrale Nordsjøen
Gytetidspunkt: Mars–mai
Føde: Botndyr, sildeegg og fisk
 

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Gyteområde og gytekart

Status, råd og fiskeri

Ifølgje ICES er bestanden, som frå 2014 inkluderer Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland, i dårleg forfatning og vert ikkje hausta berekraftig.


les mer