Hopp til hovedteksten
Sildegytingstoktet 2016
Utskriftsvennlig versjon

Fangstprøver av sild og kolmule

Havforskingsinstituttet tek kvart år hundrevis av prøvar frå den kommersielle fangsten av våre viktigaste fiskeartar. Hovudføremålet er å få gode data på den landa fangsten, med tanke på storleiksfordeling (lengde og vekt), kondisjon, kjønnsmodning og alder. 

Aldersfordelinga er særs viktig, og saman med data på kvantum (tonn) fisk landa som vi får frå Fiskeridirektoratet, bruker vi desse prøvane til å berekna kor mange individ av kvar årsklasse som vert fiska per år. Dette er den viktigaste parameteren i bestandsmodellane som vert brukt for å berekna kvoteråd for dei store bestandane.

I den pelagiske sektoren føregår denne prøvetakinga i stor grad av fiskarane sjølv, i samråd med Havforskingsinstituttet, ved at prøvar av fangsten vert frosne ned og levert landanlegg som sender prøvane til instituttet for analyse. Også fleire landanlegg sender inn prøvar. Vi får inn ganske mange prøvar på denne måten, men dei har gjerne vore tekne av relativt få fartøy og ikkje hatt den optimale spreiinga i tid og rom for å spegla sildefisket totalt sett.

Utvida ordning i 2019

I januar 2018 starta vi opp med å bestilla fangstprøvar av sild ved hjelp av elektronisk fangstdagbok. Denne ordninga ynskjer vi å bruka også i 2019 og utvidar den i tillegg til også å gjelde kolmule. På sikt reknar vi å bruka ordninga for endå fleire bestandar. Frå januar 2019 reknar vi med at alle dei tre leverandørane av elektronisk fangstdagbok vil ha implementert den naudsynte endringa i sin programvare, slik at heile fiskeflåten i dei aktuelle fiskeria kan delta. Bruk av elektronisk fangstdagbok og loddtrekning på enkeltfangstnivå for å «bestilla» fangstprøvar på er ein statistisk sett tilnærma optimal måte å gjera det på. I tillegg blir prøvetakinga meir effektiv, og vi får viktigast av alt ein forbetra og meir korrekt og presis bestandsrådgjeving, til nytte for alle.

Fakta

For å berekna kor mange individ per årsklasse som vert fiska, samlar vi inn fangstprøvar på ulike måtar; gjennom Referanseflåten, med eigen prøvebåt som tek prøvar frå landanlegga som kystflåten leverer til i Nord-Noreg, og vi får data frå Kystvakten, Fiskeridirektoratet sin sjøteneste og andre. Storparten av prøvane frå pelagisk sektor blir samla inn av fartøya sjølve eller av mottaksanlegga.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om ordninga:
send e-post til fangstprover@hi.no
eller til Håkon Otterå, HI, tlf. 950 65 762

Spørsmål om elektronisk fangstdagbok:
Jens Altern Wathne, Fiskeridirektoratet, tlf. 995 68 688
Bjørn Vidar Svendsen, HI, tlf. 906 18 577

Slik verkar det

Reint teknisk kan det nye systemet forklarast slik:
Les meir

For fiskaren:

Her finn du som tar prøver informasjon om:

  • Prøvetaking
  • Fangstdagbok
  • Pakking, emballasje og merking
  • Levering til landanlegg
  • Informasjon til mottaksanlegga

Les meir