Hopp til hovedteksten
Torsk
Foto: P. Eide
Utskriftsvennlig versjon

Nordaustarktisk torsk

Tilrådd kvote 2019: 674 678 tonn
Tilrådd kvote 2018: 712 000 tonn
Avtalt kvote 2018: 775 000 tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2019 ikkje bør overstige 674 678 tonn. Bifangsten av kysttorsk og vanleg uer bør haldast så låg som råd er.

Historisk  bestandsutvikling

Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 2002. Gytebestanden nådde toppnivået i 2013 og har minka noko dei siste åra. Fiskedødsraten (F) vart redusert frå godt over Flim i 1997 til under FMSY i 2008. Sidan 2008 har den vore under  FMSY men har auka til FMSY i 2017. Det har ikkje vore sterk rekruttering etter årsklassane 2004 og 2005.

Bestandens tilstand

ICES vurderer bestanden til å vere hausta berekraftig og ha full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2019 (tonn)

F i 2019

SSB i 2020 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i råd***

Forvaltingsplan

674 678

0,46

1 005 533

- 18,00

-13,0

-5,2

* SSB i 2020 samanlikna med SSB i 2019

** Fangst i 2019 samanlikna med TAC i 2018 (775 000)

*** Råd for 2019 samanlikna med råd for 2018

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Signala om bestandssituasjonen frå dei ulike tokta og frå alderssamansetjinga av fangstane spriker ein del, og dette aukar uvissa i bestandsvurderinga. Nivået på prøvetakinga frå fisket gjekk ned rundt 2010, men er noko forbetra i 2016-2017.

Saker relevant for rådet

Ein stor del av den totale fangsten av vanleg uer vert fanga i fisket etter nordaustarktisk torsk, og fangsten av vanleg uer er ikkje berekraftig. Det er viktig å innføre tiltak for å redusere bifangsten av vanleg uer. Også bifangst av kysttorsk er eit problem i fisket etter nordaustarktisk torsk, og denne burde haldast på eit minimum for å hjelpa gjenoppbygginga av kysttorskbestanden.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 460 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den nye forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2018: 0,40
Venta gytebestand i 2019: 1 233 792 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk torsk. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. Siste års rekruttering (open søyle) er gjennomsnittleg rekruttering. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist. For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSY-Btrigger=Bpa, difor fell linjene som representerer desse punkta saman på figuren.

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.