Hopp til hovedteksten
Laboratorium for radiokativitet
Utskriftsvennlig versjon

Radioaktivitet

Laboratoriet for måling av radioaktivitet har veleigna lokaler og instrument tilpassa Havforskingsinstituttet sine oppgåver. Laboratoriet måler radioaktivitet; beta- og gammaemitterande nuklidar, i miljøprøvar og prøvar frå tracerstudiar.

Gjennom deltaking i prøveinnsamling og målingar bidreg laboratoriet til å framskaffe data som vert nytta til kartlegging og overvaking av radioaktiv forureining i norske havområde. Laboratoriet og personalet som er tilknytt, inngår i den norske beredskapsorganisasjonen.

Laboratoriet er blant anna leverandør av analyseresultat til det nasjonale overvakingsprogrammet RAME (Radioactivity in the Marine Environment), til Mareano-programmet, til vurdering av miljøtilstanden i område nær punktkilder i det marine miljø slik som vraka av atomubåtane ”Komsomolets” i Norskehavet, K-27 i Stepovogofjorden på austsida av Novaja Semlja og K-159 i utløpet av Murmanskfjorden.

Laboratoriet arbeider målretta mot utvikling av metodar gjennom nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Laboratoriet har sidan 2000 vore akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 17025 på analysemetodane Radioaktivt cesium i sediment og biota og Cs-137 i sjøvatn. Å være akkreditert innebær etablering av eit system som set ei rekkje krav til kvalitet og dokumentasjon på målingar. Laboratoriet forplikter seg til bl.a. tilsynsbesøk, å delta på årlege internasjonale samanlikningsprøvingar (SLP) og regelmessig revidering.

Vidare vert det gjort rutinemessige og kvalitetssikra målingar på Tc-99 i sjøvatn og biota, datering av sedimentkjernar basert på målingar av Pb-210 og Ra-226, målingar av andre relevante gammaemittere og H-3 og C-14 målingar i samband med tracerstudiar.