Hopp til hovedteksten
Eremittkreps i Repparfjorden
Eremittkreps i Repparfjorden.
Foto: Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Vil kunne måle effektane av gruvedumping

I Repparfjorden er det gitt tillating til gruvedrift etter kopar i fjellet og eit fjorddeponi for gruveavfallet i fjorden. Føremålet med Havforskingsinstituttet sitt tokt i området i november 2016 var å skaffe bakgrunnsinformasjon om økosystemet før gruva kjem i gang og deponeringa i fjorden startar. Resultata skal danne grunnlaget for eit overvakingsprogram.

Repparfjorden er ein nasjonal laksefjord som har gytefelt for torsk, fiskeplassar og krabbefiske. Ein av Noregs ti viktigaste lakselever renn ut inne i fjorden. På sikt kjem det til å bli dumpa millionar av tonn med tungmetallhaldig avfall. 

Botnprøver og video

På toktet med forskingsfartøyet «G.O. Sars» konsentrerte vi oss om botndyra og botntilhøva. Vi har brukt grabb og ein liten bomtrål til områda med blaut botn i fjorden og miniubåten Aglantha til videofilming av både områda med blautbotn og hardbotn langs sidene av fjorden. 
 
Faunaen som lever på hardbotn i fjorden får føde ved å filtrere matpartiklar frå vatnet. Slike organismar kan vere utsette ved dumping av gruveavfall fordi ein mogeleg auke av mengda partiklar i vatnet kan bli problematisk sidan gruvepartiklane ikkje inneheld mat. 
 
Egg frå kongsnegl

Egg frå kongsnegl

Foto: Havforskningsinstituttet


Torskeegg og tungmetaller

Geologar frå Universitetet i Tromsø var òg med på toktet. Dei tok kjerneprøver av botnen og sette ut straummålarar. Frå før har dei undersøkt botntilhøva og blant anna målt koparinnhaldet i fjordsedimenta. 
 
Kartlegginga av botndyr kjem i tillegg til innsamlinga av torskeegg som vi gjorde i 2015 og 2016. Resultata frå eggundersøkingane viser at det er torskegyting i heile fjorden. Repparfjorden kan vise seg å vere ein viktig torskegytefjord. 
 
I 2016 har vi også samla inn fisk som no er til analyse for tungmetall i fiskekjøt hos NIFES og Universitetet i Bergen.
 
Soloppgang

Soloppgang fra broen på forskningsfartøyet "G.O. Sars".

Foto: Jan Helge Fosså


Vil kunne se endringar

Informasjonen om torskegyting, metallinnhald i fisk og botndyrfaunaen i fjorden er naudsynt for å kunne beskrive endringane i fjorden når dumpinga starter. I tillegg til forundersøkingane gjer vi dei same undersøkingane i nabofjorden Revsbotn. På den måten kan vi samanlikne utviklinga i økosystemet i ein fjord som blir påverka av gruveslam og ein fjord som ikkje har denne påverknaden.
 
Les meir på Havforskingsinstituttet sine temasider om gruveavfall