Hopp til hovedteksten
Tobis
Utskriftsvennlig versjon

Tobisrådet går ned

Havforskingsinstituttet tilrår at det vert gitt ein førebels tobiskvote på inntil 40 000 tonn i 2016. Det er ein klar nedgong frå 2015 då det vart gitt ein endeleg kvote på 100 000 tonn. 

Rådet er i tråd med den norske forvaltingsmodellen for tobis og gjeld norsk økonomisk sone. Vidare vert det anbefalt at underområda 1b, 2a, 3a og 3b vert opna for eit regulært tobisfiske frå 15. april til 23. juni. Det endelege rådet for tobis kjem i midten av mai.

Norske forvaltingsområde for tobis i Nordsjøen

Kartet viser tobisområda i norsk økonomisk sone og inndeling av forvaltingsområda.

Framleis svake årsklassar

Årsklassane har vore svake dei siste åra, og heller ikkje håpet om ein sterk 2014-årsklasse vart innfridd. Berre i område 1 vart det målt store mengder eittåringar under akustikktoktet i fjor. Dermed vert gytebiomassen i områda 1–3 vurdert som middels høg, mens gytebiomassen i område 4 er lav.
Skrapetoktundersøkingar frå desember 2015 indikerer ei dårleg rekruttering av 2015-årsklassen i områda 1-4. Det er ikkje gjennomført skrapetokt i område 5 (Vikingbanken), men akustikktoktet viser svært lave mengder tobis her.
 

Fakta om tobis

Latinsk navn: (Ammodytes marinus)
Andre norske navn: Havsil
Familie: Ammodytidae
Gyteområde: Vikingbanken til danskekysten, Dogger, Storbritannia og ved Shetland
Leveområde: Som for gyteområde
Føde: Små planktoniske krepsdyr (raudåte), fiskeegg og -yngel
Levetid: Blir sjelden over 10 år
Maks størrelse: 24 cm og 0,1 kg
Særtrekk: Gjemmer seg ved å bore seg ned i sandbunnen
 

Tobis