Hopp til hovedteksten
G.O. Sars
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Internasjonale ekspertar på akustikk-kurs på "G.O. Sars"

Kurset i breibandsakustikk vart fulltegna på ein augneblink. Torsdag 8. desember går 20 internasjonale ekspertar om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars» for å lære meir om korleis dei kan gjere meir nøyaktige målingar av fiskeførekomstar med det siste nye i ekkolodd og sonar. 

 

Kurset vart utlyst gjennom ICES (Det internasjonale råd for havforsking) i København.
 
- Sjølv om «G.O Sars» er godt over 10 år gammal, er forskingsfartøyet framleis velegna for å køyre slike ekspertkurs. Like viktig er kompetansen vi har i Noreg på dette området. Havforskingsinstituttet har i ca. sju år samarbeidd med Kongsberg Maritime/Simrad om utvikling av nye breibandsekkolodd, seier leiar Rolf Korneliussen frå forskingsgruppe Marin økosystemakustikk som er ein av kurshaldarane. 

Større presisjon

Breibandsekkolodda sender og mottar i eit langt større frekvensspekter enn før, og informasjonsmengda i ekkoet er større. 
 
- Dette kan vi bruke til å forstå kva for organismar eller fiskeslag vi har under fartøyet, og betyr at vi truleg kan tolke registreringen med betre presisjon. Høgare oppløysing og meir informasjon vil på sikt forbetre den akustiske mengdemålingsmetoden både for fisk og dyreplankton, seier forskar Egil Ona som både er toktleiar og foredragshaldar når ekspertane kjem om bord.
 
Bredbåndsekkolodd
Sidemontert bredbåndssvinger, 170–270 kHz, under senkekjølen på ”G.O. Sars”.
 
Dei nye ekkolodda representerer eit teknologisprang på ti år, og datamengdene aukar drastisk. Dette set igjen større krav til maskinane og dataprogramma for tolking og etterbehandling, som og har blitt oppgraderte til dette formålet. Breibandsakustikk blir no tatt i bruk både i vitskaplege ekkolodd og sonarar, og i fiskeriekkolodd og mindre fritidsekkolodd. 
 
Alle Havforskingsinstituttet sine fartøy skal skifte til nytt system ved juleopplaget i år, og mange er involverte for at denne viktige overgangen skal skje så smertefritt som mogleg.  

Teori og praksis

- Anten måtte vi overlate opplæring på dette området til amerikanarane, eller så måtte vi ta grep og køyre kurset sjølv, seier Korneliussen. 
 
Valget blei det siste. Som føredragshaldarar har Korneliussen og Ona med seg Gavin J. Macaulay frå Havforskingsinstituttet, Lars N. Andersen frå Kongsberg Maritime/Simrad og Dezhang Chu frå amerikanske NOAA. 
Deltakarane kjem frå 14 ulike land på fire kontinent. Dei fleste av dei er allereie ekspertar på bruk av ekkolodd og sonarar. Fleire land har stor tru til å kunne gjere betre undersøkingar med bruk av breibandsekkolodd. 
 

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087
Rolf Korneliussen
488 97 388