Hopp til hovedteksten
tokt_150.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Få sildelarvar

Få sildelarvar og ei 2006-årsklasse under middels er det førebelse resultatet for nordsjøsilda etter det internasjonale ungsildtoktet i Nordsjøen tidlegare i år. Resultata frå botntrålinga under det same toktet viser at 2006-årsklassene av torsk, hyse, kviting og augepål er svake, medan denne årsklassa av brisling er sterk.

Dette toktet (IBTS-toktet) i Nordsjøen har deltakarar frå sju land, og båtar frå Danmark, Frankrike, Nederland, Noreg, Skottland, Sverige og Tyskland var med. Noreg deltok med ”Håkon Mosby” i perioden 8. januar til 6. februar, men på grunn av dårlig ver, fekk vi bare tatt 2/3 av dei trålhala vi skulle. Heldigvis fekk dei andre båtane tatt nokre av våre trålhal i tillegg til sine eigne. Den siste båten var ferdig på toktet 2. mars.

~ tabellar og figurar over dei førebelse resultata (pdf):
Tabell 1 og 2 viser dei førebelse resultata frå dei norske trålfangstane, medan fig. 1 viser dei førebelse resultata frå den internasjonale undersøkinga.

 

kontakt

forskar
Odd Smedstad
tlf : 55 23 86 83

forskar
Are Salthaugtlf: 55 23 86 73

kommunikasjonsdirektør
Kari Østervoll Tofttlf: 55 23 85 38

Fakta om kviting

Latinsk namn: Merlangius merlangus
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Andre namn: Blege, bleike, hvitting
Maks storleik: 55 cm og 1,5 kg
Levetid: 12 år
Leveområde: Nordsjøen
Gyteområde: Heile Nordsjøen
Gytetidspunkt: Januar–juli
Føde: Fisk

Hvitting