Hopp til hovedteksten
nr0_300.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Når skreien gyt

I desember og januar vandrar den kjønnsmodne nordaustarktiske torsken, eller skreien, frå Barentshavet til gytefelta mellom Finnmark og Vestlandet. Dei viktigaste gyteområda er i Lofoten og Vesterålen. Namnet skrei betyr å vandre, og kjem frå å skrida

I Lofoten gyt skreien i overgangslaget mellom det kalde vatnet som kjem med Kyststraumen, og det djupare og varmare vatnet som kjem med Atlanterhavsstraumen. Temperaturen i dette skiljet er 4–6 ºC, og gytinga føregår på alt frå 50 til 200 meters djup. Når vinden bles frå nordaust i Lofoten- og Vestfjord-området, blir overgangslaget pressa ned langs vestsida av fjorden, og torsken gyt då djupt og ut frå land. Det motsette skjer ved sørvestlige vindar der overgangslaget blir løfta opp, og fisken gyt grunt og nært land. Havet utanfor Lofoten er karakteristisk med sine virveldanningar, der store deler av torskeegga og deretter -larvane kan opphalde seg i fleire veker før ferda nordover med straumen startar. Dette opphaldet i straumvirvlane er truleg spesielt gunstig under det første næringsopptaket, ettersom byttedyra, som er dei tidlegaste stadia av raudåte, blir oppkonsentrerte i slike virvlar saman med torskelarvane. På bankane utanfor Vesterålen er det også virveldanning, men ikkje alle områda held like lenge på larvar og anna plankton.

Gyt fleire gongar

Under sjølve gytinga oppheld hoene seg for det meste i utkanten av gyteområdet, mens hannane ventar i midten. Kvar ho gyt mellom 15 og 20 porsjonar med egg med ca. tre dagar mellom kvar gong. Når hoa er klar til å gyte, sym ho inntil hannane. Sjølve gyteakta, “leiken”, er veldig finstemt med fastlagte reglar for kurtisering og etterfølgjande symjing buk-mot-buk i nokre sekund, medan egg og mjølke blir slept samtidig. Det er mest torskeegg i sjøen i byrjinga av april, men dei første hoene gyt alt i midten av mars, og dei siste er ferdige i mai. Kvar hoe kan gyte mellom ein halv million og 15 millionar egg, avhengig av alder og storleik. Kvart egg er ca. 1,5 mm i diameter.

nr1_300.jpg


Befruktinga av egget har vore vellukka, og utviklinga har nådd 8-celle-stadiet.

Rask utvikling

Dersom befruktinga var vellykka, utviklar egget seg frå ei til mange celler i løpet av få timar. Etter kvart begynner celleklumpen å endre form, og i løpet av nokre dagar har den utvikla seg til å bli eit embryo med auge. Etter kvart kan ein tydeleg sjå at det er ein liten fiskelarve inne i egget. Kor lang tid denne prosessen tar, er avhengig av sjøtemperaturen. Når temperaturen er rundt 5 ºC tar det ca. 20 dagar før larven er klar til klekking. Klekkinga blir satt i gang ved at eit enzym som svekker eggeskalet, blir skilt ut.

Når egget når klekketidspunktet, har straumen i mange tilfeller frakta det langt vekk frå gytestaden. Den nyklekte larven må i løpet av få dagar finne ut korleis den skal fange mat, samstundes som den må unngå å bli eten av større fisk, krill eller maneter. Alt etter ei veke er plommesekken (“nistepakken”) oppbrukt, og larvane må starte jakta på mat. Dersom naturen står larvane bi, stemmer klekkinga overens med toppen i planktonproduksjonen, slik at larvane har mat lett tilgjengeleg.

nr2_300.jpg


Egget er nesten klart til klekking, og ein kan tydeleg sjå torskelarven inne i egget.

Metamorfose

Etter kvart begynner larvane å sjå meir ut som små fiskar. Då gjennomgår dei ein prosess som kallast metamorfose, og dei blir til yngel. Det skjer når larvane er ca. 15 mm lange eller 45 dagar gamle, dette varierer med sjøtemperaturen. Metamorfose inneber mellom anna at yngelen får vanlege finnar, og ryggsøyle, magesekk og munn utviklar seg slik vi kjenner det hos vaksen fisk. Turen frå gyteområdet og nord til Barentshavet tar fleire månader, og først utpå hausten er yngelen framme. Den er då nærare 10 cm og byrjar å søke mot botnen. No blir den i Barentshavet i seks til åtte år, før den som fullvaksen fisk vandrar tilbake til havet utanfor Lofoten og Vesterålen for sjølv å gyte.

nr3_300.jpg


Ein ca. fem dagar gamal torskelarve.
 

les meir

 Når skreien gyt
Havforskningsnytt nr. 3 2007

Andre Havforskningsnytt

kontaktpersoner

Olav Sigurd Kjesbu(biologi)
55 23 84 87

Svein Sundby(oseanografi)
55 23 84 68

 

Fakta om Norskehavet

Eitt av Dei nordiske hav, som også omfatter Grønlandshavet og Islandshavet
Storleik: Meir enn 1,1 millioner km2
Djup: Gjennomsnittleg 1600 m. To djuphavsbasseng med djupner frå 3000 til 4000 m
Næringskjede: Enkel, men med høg produksjon
Viktige fiskeri: Makrell og norsk vårgytande sild

Spesielle forhold:

  • Mottek ca. 8 millionar tonn varmt og salt vatn i sekundet frå Atlanterhavet - 8 gonger summen av alle elver i verda. Det innstrøymande vatnet avgir varme til atmosfæren - avgjerande for det milde klimaet i Nord-Europa 
  • Dei store djupneforskjellane gir ein variert botnfauna som blant anna omfatter store korallrev                
Norskehavet

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611