Fram til 28. mars dekka F/F "Sarsen" yttersida sør til Lofoten med akustiske målingar og tråling. Etter 28.mars har Vestfjorden frå Skrova til Røst blitt dekka. Det gjenstår no å undersøkje Røstbanken og områda på yttersida av ytre Lofoten. Dei akustiske målingane er så langt gjort langs paralelle kursar med 2,5 - 10 nautiske mil mellom kvar kurs. Skreikartet viser fordeling av registreringar og observert tetthet til no.Utrekning av mengde fordelt på lengde og alder vil først bli gjort etter at toktet er avslutta i Svolvær 6. april.
Det har blitt registrert ein del sei på yttersida og utanfor Røst, men lite lenger inne i Vestfjorden. Sjøtemperaturar på 4 - 6 °C, som skreien foretrekker å gyte i vart registrert på 35 - 130 meters djup inne i Vestfjorden, og fra overflata og ned til 100 meters djup i dei ytre områda ved Værøy og Røst.