Gå til hovedinnhold

Tema: Plastsøppel i havet


HI 040636

Plast i fjæra. Foto: Torhild Dahl/HI

Alt frå ørsmå plastpartiklar til store plastflak flyt rundt i havet. Mykje endar opp på strendene, og mengder hamnar på havbotnen.

Om lag 80 prosent av søppelet i havet er plast. Mellom fem og tretten millionar tonn plast hamnar i verdshava kvart år, men ein har ikkje oversikt over kvar all plasten blir av. Grove estimat som forskarane har gjort viser at berre ein prosent av havplasten flyt på havoverflata, medan fem prosent driv i land på strendene og resten fell til botnen. Det er observert plastsøppel på meir enn 2000 meters djup. Plast har svært lang nedbrytingstid, og det gjer at plasten eller restane etter han kan bli verande i naturen i fleire hundre år.

Havforskingsinstituttet har registrert søppel på havbotnen utanfor Noreg i tolv år gjennom Mareano-programmet. Mareano undersøkjer havbotnen på utvalde stader frå Sunnmøre og nordover i Barentshavet, og har observert plastsøppel ved ein fjerdedel av stasjonane. Dette gir ei gjennomsnittleg mengde søppel på rundt 200 kilo per kvadratkilometer for heile kartleggingsområdet.

På kontinentalsokkelen samlar mykje av søppelet seg i undersjøiske dalar, mellom bankane og i ravinar, og nokre stader finn ein opp i seks tonn søppel per kvadratkilometer. Mesteparten av søppelet ligg på mellom 200 og 300 meters djup, men ein har sett at det blir meir søppel også på djup mellom 1100 og 1400 meter.

Det har også blitt registrert søppel som bifangst i det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet sidan 2010. Kvalobservatørar har dessutan registrert søppel i overflata. Søppel som kjem i trålen blir også registrert i Nordsjøen gjennom dei internasjonale botntråltokta.

Fisk, fugl og sjødyr døyr av indre og ytre skadar

Dei store plastbitane som søkk ned på havbotnen kan sette seg fast i korallar eller påverke livet på botnen på andre måtar. Mange fuglar og sjøpattedyr døyr kvart år fordi dei set seg fast i søppelet, eller fordi dei forvekslar søppelet med mat. Når dyra viklar seg inn i tau, garn eller emballasje får dei problem med å bevege seg og med å fange mat, og dei kan få kutt og infeksjonar i såra.

Når dyra et plasten kan det hindre opptaket av næring, eller dei kan få forstopping. Giftstoff frå plast hopar seg dessutan opp i dyra og kan overførast til neste ledd i næringskjeda.

Mikroplast

Plast som ligg på strendene eller i havoverflata kan langsamt bli broten ned av sollys. Også bølgjer og friksjon tærer på plasten slik at han kan smuldre opp og gradvis bli til mindre plastbitar. Bitane vert kalla mikroplast når dei er under ein halv centimeter, eller på størrelse med eit riskorn. Når plastbitane har blitt under ein mikrometer, og usynlege utan sterke mikroskop, blir dei blir kalla nanoplast. Også plast som er laga for å vere liten, slik som plastkuler i kosmetikk, reknast som mikroplast. Mykje av denne hamnar i havet med avløpsvatnet.

Miljøgifter, bakteriar og virus bind seg til dei små plastpartiklane, og dette gjer organismane som får i seg plasten, sårbare for miljøgifter og sjukdom. Flytande plast har fordobla spreiinga av invaderande artar, og det spreier smitte i enda større grad enn ballastvatn frå skip.

Små, svarte pellets på havbotnen. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Kvar kjem det frå? 

Søppel i havet kjem frå aktivitetar både på land og til havs, og på verdsbasis kjem det meste frå land. Mesteparten av mikroplasten som er registrert i overflatevatn frå Oslofjorden kjem frå slitasje av dekk og asfalt.

I Noreg kjem plastsøppelet hovudsakleg frå tre kjelder. Ei viktig kjelde er havbasert industri slik som fiskeri, og mykje av plastsøppelet er tapte fiskereiskap. Ei anna kjelde er søppel frå petroleumsindustri og shipping, og til sist kjem avfall frå land. Mykje av plastsøppelet i norske farvatn og på norske strender kjem også med straumen frå andre land.

Mikroplastlaboratoriet 

På mikroplastlaboratoriet vårt har vi fleire instrument som kan brukast til å avdekkje omfanget og følgjene av plastforsøplinga. Eit kraftig, infrarødt mikroskop kan analysere samansettinga av mikroplastpartiklar ned til fem mikrometer. Her vil ein til dømes kunne analysere fiberen og finne ut kva for plastpolymer han er samansett av. Slik kan ein få vite nøyaktig kva type plast ein har funne, og i nokre tilfelle vil ein kunne seie noko om kvar plasten kjem frå.

Den aller minste nanoplasten kan ein på dette laboratoriet avdekkje ved hjelp av eit pyrolyseapparat som knuser molekylar ved høg temperatur utan å forbrenne dei. Apparatet kan varme opp prøven til 600 oC, og avgassane avslører kor mykje plast prøven inneheld og kva kjemisk samansetjing denne har.