Gå til hovedinnhold

Tema: Merket hummer


HI 038706
Fotograf: Sebastian Bosgraaf / Havforskningsinstituttet

For å få kunnskap om dei norske hummarbestandane og korleis dei utviklar seg, vert det gjennomført ein del merkeforsøk. Det er viktig at dei som fangar merkt hummar melder attende til Havforskingsinstituttet. Merkt hummar frå Skagerrak-området skal rapporterast til Forskingsstasjonen Flødevigen. Merkt hummar frå kysten av Sørvest-Noreg skal meldast til instituttet i Bergen.

Det er forskjellige forskingsprosjekt som ligg til grunn for merkinga, derfor er forskarane ute etter litt ulik informasjon frå dei som fangar merkt hummar.

Skagerrak

Det er to merkeforsøk i Skagerrak:

  • Det eine føregår i bevaringsområda for hummar på Hvaler (Kvernskjær), Nøtterøy (Bolærne) og Arendal (Flødevigen).

Både hummar frå bevaringsområda og frå nærliggjande kontrollområde er merkte.
Forskarane ser for seg at merkeforsøka blant anna skal gje svar på i kva grad humrane vandrar ut frå bevaringsområdet.

Dei som fangar merkt hummar frå området må opplysa om kvar og når hummaren er tatt og kor lang han er. Send merket til Forskingsstasjonen Flødevigen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att. 

Alf Ring Kleiven er kontaktperson for merkt hummar frå bevaringsområda.

  • Det andre forsøket er lokalisert til Tvedestrand og Lindesnes kommune.

Det blir årleg merka hummar i Tvedestrand og Lindesnes. Målet er å få meir kunnskap om storleiken på bestandane og omfanget av fisket. Det er brukt gule og raude merke.

Dei som fangar merkt hummar frå området må opplysa om kvar og når hummaren er tatt og kor lang han er. Send merket til Forskningsstasjonen Flødevigen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att. Det er dusør på innleverte hummarmerke frå Tvedestrand: 50 kr for gule merke og 500 kr for raude merke.

Sigurd Heiberg Espeland er kontaktperson for merka hummar frå Tvedestrand og Lindesnes. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre.

Kysten av Sørvest-Noreg

Dei siste åra er det merkt hummar i ein rekkje fjordar langs kysten av Vestlandet. Forskarane ønskjer blant anna å læra meir om vekst, vandring og kor ofte hoene har utrogn.

Dei som fangar merkt hummar frå området må melda frå om kvar og når hummaren vart teken og nummer på merket. I tillegg ønskjer Havforskingsinstituttet opplysning om kjønn, rogn, totallengde, ryggskjoldlengde og knuseklolengde. Send merket til Havforskingsinstituttet i Bergen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att. 

Ann-Lisbeth Agnalt er kontaktperson for merkt hummar frå Sørvest-Noreg. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre.

Hugs at det ikkje er lov å fanga rognhummar og hummar under minstemål. Får du merkt hummar av desse kategoriane så noter nummer på merket, stad og tidspunkt for fangsten før hummaren vert sett ut att. Send opplysningane til riktig kontaktperson i Havforskingsinstituttet.