Gå til hovedinnhold

Vanleg uer

Vanleg uer føder levande 4 til 6 mm stor yngel i april–mai. Paringa går føre seg om hausten, og i yngleområdet om våren kan det difor vere reine hofisk-konsentrasjonar.

Som toåring er vanleg uer 10–12 cm, og frå no av veks han om lag 2 cm per år til han blir kjønnsmoden. Halvparten av vanleg uer er kjønnsmoden når dei når ein alder på 11–12 år og ein storleik på 30–35 cm. 

Vanleg uer lever på 100–500 meters djup på kontinentalsokkelen, langs kysten og visse stader inne i fjordane. Han er utbreidd nord til nordvest for Spitsbergen, men finst sjeldan i fiskbare mengder nord for Tromsøflaket/Bjørnøya. Yngleområdet strekkjer seg langs eggakanten og kontinentalsokkelen frå Shetland og nordover til Andøya, med Storegga, Haltenbanken og Vesterålen som dei viktigaste områda.

Vanleg uer lever utelukkande av dyreplankton i dei første leveåra, for deretter å gå over til krill, lodde, sild og torskefisk. Som byttedyr er småueren viktig føde for torskefisk og kveite. Det er ikkje påvist endringar i gytealder, produksjon eller utbreiing som følgje av endringar i klima. Det siste året er det rett nok gjort gode bifangstar av vanleg uer så langt nord som ved Bjørnøya.