Gå til hovedinnhold

Tema: Sei – nordaustarktisk


HI 006292

Den nordaustarktiske seien kan bli opptil 130 cm og veie 20 kg. Den har en levealder på opptil 30 år. 

Fotograf: MAREANO / Havforskningsinstituttet

Sei finst berre i Nord-Atlanteren. I den vestlege delen er det ei lita stamme på grensa mellom Canada og USA. Seien i det nordaustlege Atlanterhavet vert delt i seks bestandar med hovudområde vest av Irland, vest av Skottland, ved Færøyane, ved Island, i Nordsjøen og på norskekysten nord for 62˚N.

Merkeforsøk viser at det er vandringar mellom bestandane. Frå Norskekysten kan det vera omfattande utvandring av ungsei frå dei sørlege områda til Nordsjøen og av eldre fisk frå meir nordlege område til Island og Færøyane. Det er få eksempel på innvandring av sei til Norskekysten.

Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Han er lett å kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja. Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, frå 0 til 300 meters djup. Sei opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.

Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beiter på sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel. Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane. 

Dei viktigaste gytefelta er frå vest av Shetland til Tampen, Vikingbanken, og bankane utanfor Møre og Romsdal, Helgeland, Lofoten og Vesterålen. Egg og larver vert førte med straumen og yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut i Nordsjøen og til kystbankane lenger nord som 2–4-åring.