Gå til hovedinnhold

Tema: Havnål

Stor havnål er ein beinfisk i nålefiskfamilien. Arten førekjem på grunt vatn frå Nord-Noreg til Azorane og er den største nålefisken i våre farvatn.

Stor havnål er i familie med sjøhest. Fram til slutten av 1990-talet vart stor havnål rekna som ein kuriøs feriegjest i våre farvatn – sjeldan observert nord for Trondheim. Frå 2004 til om lag 2007 blei utbreiinga enorm – både i areal og mengde. Frå sør i Nordsjøen har havnåla sett kursen nordover og erobra både Norskehavet og Barentshavet. I dei siste åra har utbreiinga vore meir normal, og i andre område som i Norskehavet forsvann stor havnål nærmast som dogg for sola.

Nålefiskane lever vanlegvis i skjul blant tang og tare. Stor havnål har derimot funne det for godt også å leva ute på det åpne havet. Den store havnåla er lang og tynn med glatt overflate. Beinringane rundt han er delvis dekte med tjukk hud, noko som gjer at kroppen får eit ovalt snitt. Som andre havnåler har ho ikkje andre finnar i vaksen tilstand enn ryggfinnen; larvar har i tillegg nokre tynne og membranaktige brystfinnar. Dei sym dårleg, men kan symja både fram- og bakover.

Lever hovudsakleg av små krepsdyr og fiskeyngel. Foto: Jan de Lange / Havforskningsinstituttet

Kroppen er gulaktig til brun med lyse tverrstriper på sida. Eksemplar med grå flekkar førekjem òg. Hoa kan bli over 60 cm. Hannane er litt mindre, dei når ei maksimallengd på 40 cm.

Den store havnåla er mest vanleg i strandsona frå 10 m djupn og oppover, men har vore observert ned til 100 m. Om vinteren går ho djupare enn om sommaren.

Paringa finn stad i juni–juli, og havnåla er monogam. Hannen og hoa parar seg vertikalt i vatnet medan dei klamrar seg til kvarandre i S-form. Hoa festar mellom 200 og 1000 egg til buken til maken, som så befruktar dei og ber på egga til dei klekkjer.

Stor havnål er ikkje spesielt næringsrik, og knapt etandes for menneske, fisk eller fugl. Det hender at sjøfugl som beitar på havnål blir kvelt i forsøk på å eta den lange, tynne, harde fisken. Fugleungar i reiret er spesielt utsette, fordi den store havnåla er umogeleg å svelgja.Tørka havnål blir hard som ei tørr grein. Det er observert at sjøfugl brukar arten som reirmateriale, sjølv om havnåla i utgangspunktet var meint som føde.