Kystbrisling: Tilrår totalkvote på 320 tonn

Sprattus sprattus 08-05 a.JPG

Brisling. (Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet)

Havforskingsinstituttet tilrår at det ikkje blir fiska meir enn 320 tonn kystbrisling til neste år, 240 tonn i Hardangerfjorden og 80 tonn i Nordfjord. I Sognefjorden bør det ikkje fiskast kystbrisling i 2019.

– Rådet vårt gjeld berre desse områda, fordi vi ikkje har toktdekning for brisling i andre område, seier havforskar og bestandsansvarleg  Cecilie Kvamme.

I rådet skriv Havforskingsinstituttet det er svært lite brisling å sjå i Sognefjorden.

– I Nordfjord er det litt under middels førekomstar av både årsyngel og brisling som er eitt år og eldre (2018-toktet). Dette er første år på lenge med både rekruttar og eldre fisk i Nordfjord. No er det viktig å ikkje ta ut for mykje under fisket i 2019-fisket. I Hardangerfjorden er 2018-indeksen over gjennomsnittet for nullåringar, noko som speglar seg igjen i at 2019-indeksen er over gjennomsnittet for eldre brisling, seier Kvamme.

Her kan du lese heile kvoterådet.