Hysa har innebygd kompass

haddock_pic.png

Hyselarve sett gjennom stereomikroskop.

Fotograf: Alessandro Cresci / Universitetet i Miami / Havforskningsinstituttet

I ein magnetisk tank kan forskarane flytte himmelretningane. «Hysebabyar» følger nordvest.

I Barentshavet og Nordsjøen gyter hysa langt til havs på kontinentalskråningen. Men dei nyklekte larvane veks opp heilt andre stader i havområda, langt nærmare kysten.

Larvane driv med straumen, men gjer dei berre det?

– Ved å simulere jorda sine magnetfelt i ein spesialtank, har vi vist for første gong at hyselarvar ikkje berre haikar med straumen frå A til Å. Dei svømmer nordvest ved hjelp av eit innebygd kompass, fortel havforskar Alessandro Cresci.

Hightech-skur på jorde

Med «spesialtank» siktar han til MagLab. Midt på eit jorde i Austevoll, står det som kan sjå ut som eit heilt gjennomsnittleg skur.

«Skuret» er spesialbygd med berre ikkje-magnetisk materiale, ned til den minste skrua. Det er skjerma frå alle typar støy. Inni står ein vasstank omgitt av magnetkveilar på fleire kilometer. Laben er spesialdesigna av HI-forskarar.

– Vi kan simulere himmelretningane og snu dei 90 grader i slengen. Med andre ord kan vi gjere nord til sør og så vidare, fortel Cresci.

Målte i tank og i sjøen

102 hyselarvar fekk svømme aleine i tanken. Samtidig dokumenterte forskarane gjennomsnittleg svømmeretning for kvar av dei.

Samanlagt heldt heile gjengen ein snittkurs nordvest, 319 grader.

– I tillegg har vi overvaka 59 hyselarvar i eit gjennomsiktig plastkammer som fekk flyte fritt i sjøen. Der svømte dei også nordvest, 313 grader, seier havforskaren.

Lar larvane krysse Norskerenna

– Kvifor trur du det er akkurat denne kursen hysa følger?

– Om hysa dreiv passivt, trur vi den kunne enda opp langt meir spreidd enn den faktisk gjer. Svømmeretninga kan motverke dette, forklarer han.

– I Nordsjøen kunne hysa blitt frakta gjennom Norskerenna med kyststraumen og spreidd ut av Nordsjøen. Ein nordvestleg svømmeretning er kanskje det som lar larvane komme seg ut på vestsida av renna.

Dette spørsmålet vil forskarane undersøke nærmare.

Kunnskapen kan brukast i bestandsovervaking

Når havforskarane overvaker ein fiskebestand for blant anna å gi råd på kor mykje som kan fiskast, er larvedrift éin av mange ting dei bereknar.

– Straum men også åtferd styrer kor larvane ender opp, avsluttar Cresci.

Referanse

Cresci, Alessandro, Claire B. Paris, Matthew A. Foretich, Caroline M. Durif, Steven D. Shema, CJ E. O’Brien, Frode B. Vikebø, Anne Berit Skiftesvik, and Howard I. Browman. "Atlantic Haddock (Melanogrammus aeglefinus) Larvae Have a Magnetic Compass that Guides Their Orientation." iScience 19 (2019): 1173-1178.
LENKE: https://doi.org/10.1016/j.isci.2019.09.001