Gå til hovedinnhold

Hjelper HI med å leite fisk i Polhavet


Polarstern1

Den tyske isbrytaren «Polarstern» skal hjelpe Havforskingsinstituttet med å leite fisk i Polhavet. I dag startar toktet som skal følge kjølvatnet til Fridtjof Nansen sin «Fram»-ekspedisjon.

«Polarstern» skal fryse inn i isen og drive mot Nordpolen. Det skjer i samband med det såkalla MOSAiC-prosjektet. Toktet kjem til å vare i 390 dagar, og det deltar forskarar frå 19 land.

– Havforskingsinstituttet har ikkje eigne folk om bord, men vi skal få hjelp til å leite etter fisk i Polhavet. Det er for å få data til den såkalla Fiscao-prosessen. Der har Havforskingsinstituttet, saman med forskarar frå dei andre signaturstatane, ei rolle i arbeidet med å skaffe kunnskap om fiskebestandane i Polhavet, fortel Gjøsæter.

Ekkolodd

«Polarstern» skal bruke ekkolodd for å finne ut om det er fisk under isen i Polhavet.

– Universitetet i Stockholm sender professor Pauline Snoeijs Leijonmalm, og vi skal samarbeide med ho, fortel Gjøsæter.

Leijonmalm har allereie gjort ein del akustiske målingar i Polhavet under eit tokt med den svenske isbrytaren «Oden».

– Dei gjorde interessante funn, men det viste seg at det akustiske utstyret om bord i «Oden» ikkje eigna seg til å måle fisk. Difor var det vanskeleg å tolke ekkogramma på ein god måte, fortel Gjøsæter.

Betre førebudd

Denne gongen er både Havforskinga, som skal vere med å tolke dataa, og dei som skal bruke utstyret om bord, betre førebudde.

– Ein av ekspertane våre på akustiske målingar har gitt råd om korleis «Polarstern» kan måle fiskeførekomstar på ein god måte. Difor er vi spente på kva for resultat som kjem ut av dette toktet, seier Gjøsæter

Den såkalla Fiscao-prosessen (Fiscao = Fish Stocks in the Central Arctic Ocean) tar sikte på å skaffe kunnskap om fiskeressursane i den delen av Polhavet som ligg utanfor dei økonomiske sonene til kyststatane Grønland/Danmark, Canada, USA, Russland og Noreg.

– Vi veit at det finst ein del fisk like under isen, og også ein og annan fisk nede på botnen, men vi har ikkje oversikt om det er så mykje at det løner seg å drive kommersielt fiske på desse bestandane. Det veit vi kanskje meir om når toktet med «Polarstern» er over om vel eitt år, seier Gjøsæter.

Unik prosess

I Fiscao-prosessen har landa rundt Polhavet blitt einige om å forby kommersielt fiske inntil vidare.  Viktige fjernfiskeaktørar som Kina, Japan, Sør-Korea, Island og EU er også villige til å til å avstå frå kommersielt fiske i den internasjonale delen av Polhavet utan at bindande reguleringar er på plass.

– Sjølv om det neppe blir aktuelt med industrialiserte fiskeri i sjølve Polhavet, er det unikt at det blir starta forsking i eit område før fiskeflåten får sleppe til. Det gjer det mogleg å kartlegge fiskeførekomstar som ikkje er påverka av fiskeri, seier forskingsdirektør Geir Huse.

– Vi er glade for at vi kan få hjelp frå MOSAiC-prosjektet, og vi ønsker alle deltakarane lykke til under det ambisiøse toktet med «Polarstern», avsluttar han.