Gå til hovedinnhold

Tilrår at det ikkje blir loddefiske i Barentshavet i 2020


lodde

Det internasjonale havforskingsrådet tilrår at det ikkje blir fiska lodde i Barentshavet til neste år. (Foto: Andrej Voronkov / Havforskningsinstituttet)

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) meiner det ikkje bør opnast for loddefiske i Barentshavet til neste år. Havforskar Bjarte Bogstad seier bestanden ligg langt under grensa for å tilrå kvote.

Bogstad er norsk medlem i rådgivingskomitéen til ICES (ACOM). Han er også med i den norske delegasjonen som skal delta på møtet i den norsk-russiske fiskerikommisjonen som startar over helga.

– Kommisjonen har vedtatt ein regel for korleis loddebestanden skal forvaltast, og undersøkingane våre viser at det ikkje bør fiskast lodde til neste år. Russland og Noreg har som mål at lodda først og fremst skal fylle ei viktig rolle i økosystemet i Barentshavet – å vere mat for andre. Dersom vi finn ut at det blir eit overskot av lodde etter at torsken og andre viktige artar har tatt sitt, kan det opnast for fiske, fortel Bogstad.

Langt under grensa

Under økosystemtoktet om hausten måler forskarane det som kallast «den modnande bestanden», det vil seie den vaksne delen av loddebestanden. Den dannar grunnlaget for det som skal bli gytebestand neste vår. Då må forskarane berekne kor mykje torsken og andre artar forsyner seg av lodda i løpet av vinteren. Under toktet i haust målte forskarane den modnande bestanden til å vere på rundt 300 000 tonn.

– Den nedre grensa for gytebestanden er på 200 000 tonn, og prognosen viser at det er nesten 98 prosent sikkert at gytebestanden kjem under dette – sjølv utan fiske. Denne gongen ligg vi såleis langt under grensa for å tilrå kvote, seier Bogstad.

Gytebestanden består stort sett av  tre og fire år gammal lodde.

Bogstad fortel at loddebestanden er liten i år, og at det også er lite umoden lodde.

– Mengda eitt år gammal lodde i haust er det lågaste vi har målt sidan 1995. Derimot var det over middels med loddeyngel i år, så det ser ikkje heilsvart ut, seier han.

God dekning

Bestandsvurderinga er basert på den akustiske dekninga som inngår i økosystemtoktet.

– Områdedekninga i toktet var god og dekka så godt som heile utbreiinga av bestanden. Eit mindre område i nordaust vart ikkje dekka, men like sør for dette området var det ikkje lodde og ein ville ikkje vente å finne lodde i dette nordaustlege området ut frå tidlegare observasjonar, avsluttar Bogstad.