Kvoteråd for pelagiske bestandar 2020: Meir makrell, litt mindre sild

  • HI-045234.jpg

    Illustrasjonsfoto: MS "Jøkul" fiskar sild på Buagrunnen

    Fotograf: Per Eide / Havforskningsinstituttet
  • HI-040163.jpg
    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • HI-042230.jpg

    Fangst av kolmule.

    Fotograf: Paolo Cipriani / Havforskningsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES gir ferske kvoteråd for makrell, nvg-sild, hestmakrell og kolmule.

Sjå forskar Knut Korsbrekke legge fram kvoteråda nedst i saka. Gå til dei tekniske kvoteråda i faktaboks.

Relativt lågt fiske og godt påfyll av «ny» makrell i gytebestanden gjer at forskarane kan rå til eit fiske på opptil 922 064 tonn makrell for 2020. Gytebestanden av makrell er anslått til 4,5 millionar tonn i 2020.

Til samanlikning var det førre og reviderte kvoterådet for 2019 på 770 358 tonn.

Sterke årsklassar er blitt vaksne

– Dei historisk sterke årsklassane med makrell frå 2016 og 2017 blir no gytemodne. Samtidig er det venta eit mindre fiske i 2019 enn føregåande år, i forhold til bestandsstorleiken. Det drar opp kvoterådet, seier Leif Nøttestad, bestandsansvarleg ved HI.

Framleis usikkerheit

Makrellbestanden blir berekna på bakgrunn av fangst i fiskeriet og fire mengdeindeksar frå forskinga: Tråltoktet, rekrutteringsindeksen, eggtoktet og merke/gjenfangst.

Metoden for å bruke desse til å berekne makrellbestanden blei forbetra etter ein revisjon tidlegare i år (sjå boks). Men det er usikkerheit også i årets anslag, som i hovudsak skuldast sprikande trendar i indeksane.

Noko ned med silda

Norsk vårgytande sild har ikkje hatt sterke årsklassar sidan 2004. Gytebestanden er berekna å vere 3,65 millionar tonn i 2020. Forskarane rår til ei kvote på opptil 525 594 tonn, ned 11 prosent frå 2019.

Landa som fiskar nvg-sild blei ikkje politisk einige om fordeling av totalkvota for 2019. Summen av enkeltlanda sine eigne kvoter utgjorde 773 750 tonn i 2019.

– Sildebestanden fortset slakt nedover, men bestanden er framleis over føre-var-nivå. Derfor får vi ikkje dramatiske endringar i kvoterådet, seier Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg for nvg-sild ved HI.

Hestmakrell nær lågpunkt, kolmula som før

ICES har berekna at bestanden av vestleg hestmakrell no er like over sitt historisk lågaste nivå. Den låge bestanden løyser ut føre-var-tiltak som dreg kvoterådet ned meir. Forskarane rår til eit fiske på opptil 83 954 tonn i 2020, ned 42 prosent frå førre råd.

Rådet for kolmulekvota i 2020 er på opptil 1 161 615 tonn, mot 1 143 629 tonn i 2019. 

Kolmula har hatt svak rekruttering dei siste par åra, men hadde ein periode med god rekruttering før 2017. Framleis er det dei sterke årsklassane som utgjer gytebestanden.

Sjå framlegginga i Bergen