Gå til hovedinnhold

Havtiåret 2021–30: Frå prat til handling


20191101 Peter Haugan DSC 9991

Peter Haugan er forskingssjef og programleiar ved Havforskingsinstituttet, og leier den nasjonale ekspertgruppa for FN sitt havforskingstiår i Noreg.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Peter Haugan frå Havforskingsinstituttet er utnemnt som leiar for ei nasjonal ekspertgruppe som skal peike ut kursen for det norske bidraget til FN sitt havforskingstiår.

– Ikkje fordi havet treng det, men fordi planeten treng det.

Det seier Peter Haugan på spørsmål om kvifor generalforsamlinga i FN har utropt 2021–30 som internasjonalt havforskingstiår.

– Vi treng eit velfungerande hav for at heile jorda skal ha ei framtid. Då treng vi informasjon og forsking om havet, og nye løysingar for berekraftig bruk av havet. Då må vi samarbeide, seier Haugan, til dagleg forskingssjef og programleiar

Nasjonal innsats, globale bidrag

Samarbeid, både mellom land og mellom fagmiljø, er eit viktig element i havforskingstiåret. Ekspertgruppa skal gi innspel på korleis norsk havforsking kan bli endå betre gjennom å samla kreftene, og korleis vår kompetanse innan havforsking kan gi globale bidrag.

Innan februar skal gruppa levera frå seg eit utkast til rapport, som dei så skal ta med seg på turné rundt i landet for å få innspel frå ulike forskingsmiljø. Til sommaren skal den endelege rapporten vera klar, med konkrete forslag til kva Noreg skal bidra med under havforskingstiåret.

Innsatsen skal stø opp under seks resultatmål som FN har peikt ut: reint hav, trygt hav, sunt hav, ope hav, føreseieleg hav og produktivt hav.

Frå utforsking til nye løysingar

Resultatfokuset skil seg frå førre gong det vart gjennomført eit «havforskingstiår», på 1970-talet. Då var «utforsking av havet» den store overskrifta.

Femti år seinare skal det handla meir om anvendt forsking, for å svara på krava frå styresmakter og samfunn.

– Det hastar med å få til berekraftig utvikling i havet. Det held ikkje berre å drive med grunnforsking og sjå kva vi finn ut, vi må vere med og finne løysingar. Difor er det viktig å sjå havforskinga i ein større samanheng, som også inkluderer blant anna økonomi og samfunnsfag, seier Haugan, godt nøgd med det breidt samansette laget han får med seg i ekspertgruppa.

Frå prat til handling

Haugan peikar konkret på tre område der han trur Noreg – og Havforskingsinstituttet – kan gi viktige bidrag under havforskingstiåret:

  • Finne berekraftige løysingar for auka global marin akvakultur, kanskje særleg for skjel og andre artar som ikkje treng aktiv fôring. Her har HI viktig kompetanse blant anna om miljøforhold, næringsverdi og helse
  • Utforme og grunngi globale og regionale krav til fagleg vurdering av berekraft i marin næring. Her sit HI med omfattande erfaring frå fagleg grunnlag for nasjonale forvaltningsplanar, trafikklyssystemet for lakselus med meir.
  • Ta fram data som kartleggjer og karakteriserer alle dei store marine økosystema i verdshavet. Her kan HI bidra med erfaring frå Mareano-programmet og arbeid med integrerte økosystemstudiar.

Arbeidet i ekspertgruppa skal føregå intensivt det neste halvåret, men leiaren stiller godt førebudd. Haugan har alt arbeidd med planlegginga av havforskingstiåret på FN-nivå over fleire år.

– No går vi frå prate-stadiet til handle-stadiet. Det har eg sett fram til lenge, sluttar Haugan.