Gå til hovedinnhold

Meir enn 80 prosent skrei i Henningsværboksen


Torskeprøver fra Lofoten 4

Havforskar og genetikar Geir Dahle har analysert fangstprøvane frå Henningsværboksen. (Foto: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet)

Dei siste prøvane frå Henningsværboksen viser at det er meir enn 80 prosent skrei i fangstane. No er  det opp til Fiskeridirektoratet å avgjere om området skal opnast for større fartøy.

– Dei siste DNA-prøvane viser at det er 81 prosent skrei i fangstane, fortel havforskar og genetikar Geir Dahle.

Dei første prøvane blei tatt den 20. februar i år. Då var det 40 prosent skrei i fangstane.

– No er det opp til Fiskeridirektoratet å bestemme kva som skal skje, seier Dahle.

 

Mengde skrei i fangstane i Henningsværboksen frå 20. februar til 4. mars.

I utgangspunktet et Henningsværboksen stengt for alle fartøy over elleve meter dei første seks månadene i året. Det skal hindre overfiske av kysttorsken i området. Fiskeridirektoratet har likevel bestemt at større båtar kan få fiske i «boksen», men då må det vere meir enn 70 prosent skrei i fangstane, og fartøya kan vere maks 15 meter. Dei får lov til å fiske med jukse, line og garn, men ikkje med snurrevad. Det er Fiskeridirektoratet som avgjer opning og lukking av Henningsværboksen.