Heldt appell for klimastreikande ungdommar

IMG_1729.jpg

– Stå på, dere har helt rett, sa havforskningsdirektør Sissel Rogne til klimastreikande barn og unge.

Fotograf: Torny Aarbakke / Havforskningsinstituttet

Klimaperspektivet er til stades – anten direkte eller indirekte – i ein stor del av forskinga på Havforskingsinstituttet. Fredag heldt havforskingsdirektør Sissel Rogne appell under «Skolestreik for klimaet» i Bergen.   

Streiken var i regi av blant andre Grøn ungdom og Natur og ungdom, og var den andre i rekkja av skulestreikar i Bergen.

Bidreg til klimarapporten

Arbeidet med FNs sjette klimarapport er godt i gang, og her har HI heile tre hovudforfattarar med.  Havforskingsinstituttet bidrog også til den femte klimarapporten som kom ut i 2014. Det var første gangen det var sett av eit eige kapittel om havet.  På høg tid, sa HI-forskar Svein Sundby, som var ein av hovudforfattarane i rapporten.

Kva skjer med fisken?

Klimaendringane slår ut forskjellig for dei ulike fiskebestandane i norske farvatn, og HI er no i gang med klimasårbarheitsanalysar av kvar enkelt av dei viktigaste bestandane våre.

– Nokre artar, som torsken, er meir fleksible enn andre. Torsken liker seg godt sjølv om temperaturen i havet blir høgare. Når det blir varmare vatn lenger nord, breier den seg ut over eit større område. Sånn sett kan torsken vinna på klimaendringar, forklarar forskingsdirektør Geir Huse.