Gå til hovedinnhold

Dette veit vi om effektane av seismikk på livet i havet


foto av båt med kabler etter seg

Seismikkfartøyet "Geo Pacific" på oppdrag for HI utanfor Vesterålen sommeren 2009.

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Havforskarane har samla all kunnskap om korleis bråket frå oljeleiting påverkar livet under vatn. Kunnskapen dannar grunnlaget for nye råd til myndigheitene.

– For å forstå bakgrunnen for råda våre til Oljedirektoratet, har vi samanfatta forskinga som ligg til grunn i ein rapport. Industrien har etterspurt ein slik oversikt, seier havforskar Lise Doksæter Sivle.

– Både fisk og sjøpattedyr har godt utvikla høyrsel. Dei brukar han til å finne mat, partnar eller oppdage fiendar. Ulike dyr har ulik risiko for å bli påverka av bråk, og til visse tider kan skaden vere større, fortel ho.

I rapporten tar dei føre seg fiskelarvar, vaksen fisk og kval.

– Fisk som stikk av er eit større problem i gytetida

Det er dokumentert at enkelte fiskeartar, som torsk og hyse, svømmer vekk frå seismikkjelda i ein avstand på opptil 30 kilometer.

– Dette er ikkje nødvendigvis eit problem i beiteperioden med spreidd fisk ute på havet. Men dersom det same skulle skje på eit gytefelt der all fisken står samla i avgrensa område, kan det vere kritisk, forklarar Sivle.

Gytefelta er strategisk utvalde med akkurat dei rette forholda. For skreien for eksempel skal havstraumane ta med seg egga og larvane frå gytefelta i Lofoten 1500 kilometer opp i Barentshavet, der fisken veks opp.

Har sett gytinga på kartet

– Dersom fisken gyter egga ein annan plass, er det ikkje sikkert larvane vil drive der dei skal. Dette kan påverke rekrutteringa til bestanden negativt, seier ho.

Forskarane har derfor laga kart med tidspunkt over gyting for ulike fiskeartar. I desse områda og tidspunkta vil forskarane i utgangspunktet alltid rå frå oljeleiting.

Les også: Skal forstyrre torsken midt i akta

Ingen påvist effekt på larvar

Ut frå forskinga som finst trur ikkje havforskarane at seismikk utgjer risiko for nyklekte larvar.

– Det skal veldig mykje til for å drepe ein fiskelarve med lyd. Samtidig er det enorme mengder fiskelarvar i havet. Om larvar skulle døy nær seismikk, vil det truleg ha forsvinnande lite å seie i forhold til kor mange larvar som døyr av naturlege årsaker, seier Sivle.

Studiane som er gjort, har ikkje greidd å måle nokon effekt på larvar anna enn nokre fåtals meter frå seismikkanonen.

– Bør ikkje forstyrre kvalen på beite

Nord i Barentshavet kjem knølkval, finnkval og vågekval for å beite intensivt. Forskarane rår frå seismikk i desse områda. Dette er nytt frå 2019.

– Forskinga viser at pulserande lyd frå militære sonarar kan få kval til å slutte å beite og svømme vekk. I mangel på direkte kunnskap antar vi at seismikk vil ha same effekt. Når kvalen har kome eins ærend for å beite 24 timar i døgnet, er det noko vi ikkje bør avbryte, fortel havforskaren.

Dei viktige beiteområda heilt nord i Barentshavet er ikkje opne for kommersiell seismikk i dag. Unntaksvis kan det likevel vere seismiske undersøkingar i regi av forsking eller andre spesialformål.

Gir råd for betre bruk av dynamitt

Rapporten tar også føre seg undersjøiske sprengingar. Forskarane gir ei rekke råd for korleis sprengladningar kan gjere minst mogleg skade på dyra i nærleiken.

– Du kan for eksempel legge ut eit boblegardin, eit røyr med ein straum av luftbobler, rundt ladningen. Dette dempar den høge lydpulsen som forplantar seg i vatnet.

Også ved sprenging er gytetider viktige å unngå fordi mykje fisk er samla på små område.

Les heile rapporten.