Auka forsking på plast i havet

Plast, nett.jpg

Norske og russiske havforskarar skal forske meir på plast i havet. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Norske og russiske havforskarar skal forske meir på plast i havet. Dei vil vite korleis plast påverkar dei marine økosystema og mattryggleiken.

Sidan 2004 har havforskarar frå Noreg og Russland gjennomført eit omfattande økosystemtokt i Barentshavet kor dei har undersøkt havområdet «frå A til Å».

– Frå 2010 utvida vi toktet til å omfatte overvaking av makroplast, det vil seie plastbitar som er større enn 0,5 centimeter, fortel havforskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet.

No ønsker dei å utvide overvakinga til mikroplast, det vil seie plastbitar som er mindre enn fem millimeter.

– Nokre av dei er så små at ein ikkje kan sjå dei med det blotte auget, seier Grøsvik.

 

Forskingsdirektør Oleg Titov i Pinro og havforskar Bjørn Einar Grøsvik (HI) er blant forskarane som skal skaffe meir kunnskap om plast i havet. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet)

Mattryggleik

I går kveld var protokollen frå det årlege norsk-russiske havforskarmøtet klar, og der heiter det at Havforskingsinstituttet og Pinro skal utvikle metodar for å samle inn mikroplast. Forskingsdirektør Oleg Titov ved Det føderale russiske havforskingsinstituttet si polaravdeling (Pinro) seier at mesteparten av plasten i Barentshavet hamnar på botnen. Der blir han ete av både store og små dyr. Slikt hamnar plasten i det økologiske næringsnettet. Då kan andre organismar få han i seg utan å ete plasten direkte, også fiskeartar som blir brukt som menneskemat.

– Vi skal også undersøke om mikroplast blir tatt opp i fiskekjøtet, seier Titov.

Mesteparten frå fiskeflåten

Den norsk-russiske overvakinga viser at mellom 40 og 60 prosent av makroplasten i Barentshavet kjem frå fiskeflåten og omfattar først og fremst tauverk og reiskap.

– Heldigvis tar både norsk og russisk fiskerinæring og styresmaktene i begge land dette på alvor. Flåten har blitt flinkare til å ta plastavfallet med seg til hamn, og styresmaktene legg til rette for at dei kan levere plastavfallet gratis, seier Grøsvik.

 

Pinro-direktør Aleksandr Poljanskij og forskingsdirektør Geir Huse i HI avslutter protokollseremonien med eit handtrykk. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet)

Standardisere trålane

Protokollen som blei uderteikna i går er ei videreføring dei tidlegare norsk-russiske forskingsavtalane, men med ein god del oppdateringar.

– Vi held fram med samarbeidet som vi har hatt med Pinro i meir enn 60 år og som vi stadig vidareutviklar. Denne gongen er plast i havet ei viktig nyvinning. I tillegg har vi komme vidare i arbeidet med å standardisere metodikken for bruken av trålane når vi tar prøver på dei ulike tokta våre i Barentshavet, seier forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet.