Store klør: Godt for sexlivet, men livsfarleg i fiskesesongen

Leppefiskteine med hummer 18-08-2012.jpg

Resultatet av "mannleg" overmot?

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

24 av 100 merkte humrar kom seg gjennom fiskesesongen. Kven som blei fanga var ikkje tilfeldig, viser ein ny studie.

Mellom Arendal og Grimstad merkte forskarane 100 humrar med akustiske sendarar. Med ei rekke lyttebøyer i området kunne dei følge humrane sine vandringsmønster i fiskesesongen.

– Korleis humrane beveger seg seier noko om personlegdomen deira. Er dei forsiktige eller meir risikosøkande? Det er fordeler og ulemper med begge deler, seier havforskar Even Moland.

Det var nemleg slik at humrar som hadde stor knuseklo, oftare enda i teina.

Hoene føretrekker ein stor ein

Tidlegare har havforskarane vist at jo, størrelsen tel faktisk i hummarverda. «Farskapstesting» avslørte at hummar-hannar med stor knusar i forhold til kroppslengd, var opphav til meir avkom i hummarreservat.

– Det som gjer hummar-hannane attraktive blant damene, viser seg å vere livsfarleg for dei i teinefisket, seier Even Moland.

– Typiske «mannemenn»

Forskaren trur at det velkjende «mannlege» overmotet kan vere årsaka til begge deler.

– Dette er typisk alfahann-oppførsel. Denne hummaren tar større risiko. Han utforskar meir, og vil også kunne hindre andre humrar frå å gå inn i teina.

– Så får han sitte der med agnet aleine og føle seg heilt konge, seier Moland.

Det trekket som er ein fordel i naturleg utveljing, ser altså ut til å kunne vere ei ulempe i fiskeriet.

Vandrarane vandrar vidare

Blant humrane som kom seg ufanga gjennom fiskesesongen, fant forskarane også ein fellesnemnar.

– Hummar med større rekkevidde, gjekk sjeldnare i teina, fortel Moland.

Rekkevidda er kor stort område hummaren beveger seg over i løpet av ein månad. Om han har større eller mindre botnflate som sin «heim». Kvifor skulle det spele ei rolle?

– Vi hadde i grunnen venta å sjå det motsette. At aktive humrar skulle vere meir utsette for å bli fanga, seier forskaren.

– Vi tolkar det slik at ein meir stadbunden hummar vil bli eksponert lengre for ei teine som tilfeldigvis hamnar nær han. Lengre nærheit til teina, betyr høgare risiko for å bli fanga.

Unaturleg utveljing

Dei nye resultata viser at teinefiske kan selektere for visse typar individ. Ikkje berre for ytre trekk, men også for åtferd, eller det forskarane kan sidestille med personlegdom.

– Hummarfisket er intensivt. I området for desse 100 merkte humrane, registrerte vi nesten 5000 fiskedøgn med teiner gjennom fiskesesongen, seier Even Moland.

– Dette betyr at dagens fiskeri kan påverke utviklinga til hummar-arten. Det er kunnskap morgondagens forvaltning kan ta omsyn til.

Referanse

Even Moland, Stephanie M. Carlson, David Villegas‐Ríos, Jørgen Ree Wiig, Esben Moland Olsen (2019). Harvest selection on multiple traits in the wild revealed by aquatic animal telemetry. Ecology and Evolution
Lenke: https://doi.org/10.1002/ece3.5224