Tilrår redusert torskekvote og auke for hyse og sei

Bjarte og Hjort, nett.jpg

Kvoteråda for artane i Barentshavet blei lagt fram samstundes som Hjort-symposiet blir gjennomført i Bergen og blei presentert av havforskar Bjarte Bogstad. Han er Noregs representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM) og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet. (Foto: Gunnar Sætra)

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at torskekvoten i Barentshavet for 2020 blir redusert med 35 000 tonn i forhold til årets kvote. I tillegg går ICES inn for at kvotene for hyse og sei aukar til neste år.

I dag legg ICES fram kvoteråda for dei store fiskebestandane i Barentshavet – nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite og kysttorsk.

– ICES tilrår at det blir tatt 689 672 tonn nordaustarktisk torsk til neste år. Torskekvoten for i år er på 725 000 tonn og det er 50 000 tonn høgare enn ICES sitt kvoteråd for 2019. Det var på nesten 675 000 tonn nordaustarktisk torsk, fortel havforskar Bjarte Bogstad. Han er Noregs representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM) og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet.

Bestanden stabiliserer seg

– Det er mange tal å halde styr på for den som ikkje held på med dette til dagleg. Då kan eg oppsummera med at torskebestanden har gått ned frå toppnivået i 2013, men er i ferd med å stabilisere seg, seier Bogstad og held fram:

– ICES sitt kvoteråd for nordaustarktisk torsk til neste år er omtrent 15 000 tonn høgare enn rådet for 2019, men det er ikkje forskarane som fastsett kvoten. Det blir gjort i den norsk-russiske fiskerikommisjonen, og der landa dei altså på ei kvote for i år som ligg 50 000 tonn over rådet frå forskarane.

Langvarig høgt nivå

Dei siste åra har kvotene for nordaustarktisk torsk (skrei) ligge på rekordhøgt nivå. Kvotetoppen kom i 2013. Da kunne fiskarane ta 1.000.000 tonn nordaustarktisk torsk. Kvotane har halde seg på eit høgt nivå i mange år fram til no. Forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet seier det høge kvotenivået dei siste åra i stor grad kan tilbakeførast til dei gode torskeårsklassene i 2004 og 2005.

– Vi ser at årsklassene etter 2006 er svakare, og da får vi ein naturleg nedgang i bestanden, seier Huse.
ICES meiner torskebestanden i Barentshavet er stor, at den blir hausta på berekraftig vis og at den har full reproduksjonskapasitet.

Fleire artar

Bogstad opplyser at ICES anbefaler endringar i kvotene for fleire av dei andre fiskeartane nord for Stad, det vil si nord for 62. breiddegrad.

– ICES tilrår at hysekvoten blir auka til 215 000 tonn. Årets kvote er på 172 000 tonn. Dessutan går ICES inn for at det kan fiskast 23 000 tonn blåkveite, og at seikvoten kan aukast frå årets kvote på 149 550 tonn til 171 982 tonn, seier han.

ICES anbefaler ikkje nokon bestemt kvote for kysttorsk nord for Stad. I staden går tilrådinga ut på at gjenoppbyggingsplanen for denne bestanden blir følgt opp. For snabeluer og vanleg uer kjem det ikkje nye kvoteråd i år, då fjorårets råd gjeld både for 2019 og 2020.

Kvotene for torsk, hyse, blåkveite og snabeluer blir fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen i oktober, medan Noreg er aleine om å fastsette seikvoten.

Kvoterådet for lodde blir klart rundt 10. oktober.

Godt forskingssamarbeid

Det er norske og russiske havforskarar som skaffar fram kunnskapen som ligg til grunn for kvotetilrådingane frå ICES. Forskingsdirektør Geir Huse fortel at Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk har hatt eit formelt samarbeid i meir enn 60 år.

– Det omfattar både toktverksemd i Barentshavet, datainnsamling og -analyse, metodeutvikling og rådgiving. Sidan 2004 har vi gjennomført eit felles økosystemtokt kvar haust kor vi undersøker Barentshavet «frå A til Å». Det vil si at vi undersøker heile det marine økosystemet, frå dei fysiske vilkåra som temperatur og straum, via næringssalt og dei minste planteplanktona – til dei største sjøpattedyra. Vi registrerer også søppel, tar vassprøver som blir analysert for både kjemisk og radioaktiv forureining osv. Dette har sett oss i stand til å forstå økosystemet betre og dermed ha grunnlag for å gi best mogleg råd til forvaltninga, både når det gjeld fiskekvoter og annan menneskeleg bruk av havet, avsluttar han.