Testar om torsken toler klimaendringar

  • DSC01944.jpg

    Jean-Baptiste Muliloto hentar fisk ut av kar.

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01959.jpg

    Fisk på veg: Jean-Baptiste Muliloto tek fangsten frå kar til første arbeidsstasjon. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01938.jpg

    Forsøksfisk på fjøl: Lengde, vekt og andre vitale mål er viktig. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01834.jpg

    Ulik temperatur: Vatnet i dei ulike kara, hadde ulike temperatur. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01981.jpg

    Mange oppgåver: Vege, måle og ta blodprøve er oppgåvene på første benk. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01796.jpg

    Maik Tiedemann og Øystein Berg Dyrhovden på andre arbeidsstasjon hentar ut øyresteinar og hypofyse - før dei veg og målar kvar enkelt del; rogn eller melke, lever, innvollar. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI
  • DSC01911.jpg

    Maud Alix og Maik Tiedemann prosesserte fisk etter fisk, time etter time. 

    Fotograf: Stine Hommedal/HI

Taklar torsken å gyte i høgare temperaturar? Forskarane testa i praksis, og det viste seg fort at egga i det varmaste vatnet vart svært skrale. På sikt kan det bety at torsken vil gyte lenger nord enn før.

I forsøkshallen er det travel, men koordinert aktivitet. 

Kjeledresskledde forskarar og teknikarar jobbar konsentrert gjennom arbeidsoppgåvene;

Løfte fisken ut frå digre kar med håv, bedøve den. Vege, måle, ta blodprøve. 

Slakte, hente ut øyresteinar og hypofyse. Vege og måle kvar enkelt del; rogn eller melke, lever, innvollar. Gjenta på neste fisk. 

Det langvarige forsøket er inne i sin siste dag. Dei var seint ferdige i går; det blir seint i dag òg. 

133 forsøkstorskar skal prosesserast før teamet kan pakke saman.  

– Det har blitt nokre lange dagar her inne, men det gir meg viktige data å forske på, smilar postdoktor Maud Alix. 

Denne vinteren har ho vore meir inne i forsøkshallen enn utanfor.  

Postdoktor Maud Alix sitt mål er å finne ut korleis gytinga til torsken blir påverka av varmare temperaturar i havet. Foto: Stine Hommedal/HI 

Klarar torsken å reprodusere seg om vatnet vert varmare? 

Det byrja i september i fjor; fisk vart fiska opp og plassert i store kar på HI sin forskingsstasjon i Matre i Nordhordland. 

Vatnet i dei ulike kara haldt ulik temperatur – nokre fisk hamna i smått kjølige tre grader, nokre i seks, andre i behagelege ni, medan den siste gruppa fekk det varmaste vatnet: 12 grader. 

– Det store målet vårt er å finne ut korleis klimaendringane påverkar torskens reproduktivitet, fortel Alix.  

Varmt vatn gav dårlegare egg 

Den store spenninga knytte seg difor til kva som ville skje med dei ulikt tempererte torskane då gyteperioden starta i januar. 

Egga torskane har gytt, har blitt filtrert ut av karet med sjøvatnet som sirkulerer i karet, og fanga opp i eit eige nett på utsida. 

– Det vi har sett frå første stund, er at egga til torsken i det varmaste vatnet, er av svært dårleg kvalitet, fortel postdoktoren. 

Det betyr at det er langt mindre sjanse for at egga overlever fram til vaksen fisk. 

Dårlegare kvalitet: Gjennom gyteperioden i forsøket kunne forskarane tydeleg sjå at egga til torskane i det varmaste vatnet, var meir skrale enn dei andre egga. Foto: Stine Hommedal/HI 

Hypofysen: Reproduksjonens episenter 

Men jobben er ikkje ferdig for det om det fysiske forsøket blei avslutta ein overskya aprildag i Matre. 

– No har eg starta å analysere alt materialet, fortel Alix. 

Blodprøvene skal til hormonanalyse. Øyresteinane skal lesast av for å avsløre fiskens alder.

Og, ikkje minst – hypofysen, som nøysamt vart reinska på arbeidsbenken i forsøkshallen, skal analyserast. 

Reproduksjonen sitt nemleg «i hovudet» på torsken også. Alix skal undersøke om det er forskjellar i hormonbalansen hjå fiskane som har levd i ulike temperaturar.   

Ei rekke prøver må takast på kvar einaste forsøksfisk. Foto: Stine Hommedal/HI 

Bestandar kan flytte gytinga lenger nord  

–  Vi trur det blir store endringar i gyteområda i Nordsjøen i framtida, seier forskingssjef Olav Sigurd Kjesbu. 

Han leiar SCALECLIM-prosjektet, som torskeforsøket er ein del av.

Målet med prosjektet, som er finansiert av Forskningsrådet, er å finne ut korleis torsken vil reagere på varmare havtemperatur og andre klimaendringar.  

–  Torsken sjølv har det ikkje så ille i varmt vatn, men hoa er svært kresen på temperaturen når ho skal gyte. Det er derfor ikkje så rart, det vi har sett i forsøket, at torskeegga blir av dårleg kvalitet når det er for varmt. 

Dårleg kvalitet på egga betyr at færre vil overleve fram til dei er vaksne fisk. 

– Det ein kan tenke seg, er at torsken vil trekke lenger nord enn før for å gyte. Det er allereie kjent langs Norskekysten i varme og kalde periodar. Men, om nokre år vil kanskje ikkje torsken gyte sør i Nordsjøen i det heile, berre i den nordlege delen. 

– Det er ei radikal endring for tilhøva til fleire av torskestammane, avsluttar Kjesbu.