Gå til hovedinnhold

Dette veit vi om makrellstørjene som kjem til Norge


makrellstorje i mexicogolfen

Makrellstørje i St. Lawrence-bukta.

Fotograf: National Geographic Image Collection / Alamy Stock Photo (ikke til gjenbruk)

– Med pansra skalle, 200 kilos snittvekt og ein fart på opptil 70 kilometer i timen, pløyer makrellstørja på nytt langs Norskekysten.

Det fortel havforskar og makrellstørjeentusiast Leif Nøttestad. Han har gleda av å gjere opp status frå prøvene av så godt som alle fiskane landa i Norge sidan 2015.

Då gjorde verdas største tunfisk comeback for alvor etter lang tid med fråvær.

Flest niåringar i stimane

– Det vi kan seie så langt, er at makrellstørjene er mellom 6 og 14 år. Ni- og tiåringane dominerer, og fisken har snittvekt på over 200 kilo. Det ser ut til å vere sterke årsklassar som tar turen hit. Historia gjentar seg, for slik var det også i storheitstida på 1950- og 1960-talet, fortel Nøttestad.

– Kor kjem dei frå?

– DNA-testar viser at 90 prosent kjem frå gyteområde i Middelhavet. Tre prosent kjem frå Mexicogolfen og resten frå gyteområde som vitskapen ikkje kjenner til. Data frå satellittmerke tyder på at eitt slikt område kan ligge utanfor Madeira.

Bestanden har vakse etter at forvaltninga tok tøffe grep for ti år sidan. Størja treng dermed større jaktmarker. Eit bognande matfat lokkar ho til Norskehavet og kysten vår.

Når spruten står, er det makrell på menyen

Det er særleg når formel-1-fisken jaktar ungmakrell langs kysten, at skodelystne kan vere vitne til eit reint Bonanza.

– Størja er ein toppredator som kan jakte det meste. Men når spruten står i overflata, er det ungmakrell ho jagar.

– Makrell er jo sjølv ein krabat som kan vere vanskeleg å få tak i. Men med overflata som tak, kjem størjene som godstog frå mørket. Det betyr slutten for ein fisk som ikkje kan fly, seier Leif Nøttestad.

foto av havoverflate med fisk
Makrellstørje fotografert under merkeprosjektet 2018 (foto: Endre Hopland)

Flyktar på tom mage

Havforskarane veit ein del om dietten til makrellstørja fordi dei blant anna sikrar seg mageprøver av fiskane. Ein del av magane er rett nok tomme.

– Vi trur at størja kan spy opp mageinnhaldet som ein fluktrespons når ho treng maksfart for å sleppe unna livsfare.

– Størjer som har brote seg inn i oppdrettsmerder har for eksempel hatt tomme magar. Det treng ikkje bety at dei ikkje har forsynt seg av laksen, seier Nøttestad.

Kan oppdrettarane sove trygt?

Det har nemleg skjedd fleire gonger dei siste åra at makrellstørjer har svømt gjennom notveggen i oppdrettmerder.

– Makrellstørja har panser i skallen. Med fart på 70 kilometer i timen svømmer ho rett gjennom nota om ho vil. Sjølv om den er forsterka med ståltråd.

– Er dette ein stor trussel?

– Tja, det skjer jo rett som det er. Men interessant nok ser det ut til at dei makrellstørjene som er henta opp frå oppdrettsanlegg, kjem langvegsfrå. Dei er slengarar frå Mexicogolfen som har kryssa Atlanterhavet. Kvifor det er nettopp dei som har halde på med dette, veit vi ikkje, seier Nøttestad.

– Ein høgst spekulativ hypotese kan vere at desse individa har god kjennskap til laks som mat frå austkysten av USA og Canada. Dei har ikkje greidd å dy seg når dei får nokre tusen tonn fint servert. Men vi treng meir data for å sjå om det er hald i dette.

I fjor gjekk ei 286 kilo tung makrellstørje gjennom den stålforsterka nota til K. Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger. (Foto: Karstein Bakke)

Seinast i romjula blei ei makrellstørje anslått til 200 kilo funnen daud i fjæresteinane i Nærøyfjorden. Både staden, langt inne i eit fjordsystem, og tida på året er uvanleg. Bergens tidende skreiv om fisken: Stor makrellstørje ble funnet i Nærøyfjorden

Lar seg ikkje stoppe

Det er ikkje miljøforholda som stoppar størja. I følge Leif Nøttestad kan ho legge under seg alle blå område på globusen.

– Vi har fått inn observasjonar av størjestim like sør for Svalbard i 3,5 graders vatn. Denne fisken er som ein veddeløpshest. Makrellstørja kan ha ein kroppstemperatur på 10 grader over omgjevnadane. Det er unikt for eit vekselvarmt dyr, men krev også enorme energimengder, fortel han ivrig.

Dette lar fisken dykke djupt ned i kulda for å gafle i seg kolmule, mesopelagisk fisk og blekksprut. Ei makrellstørje som blei merkt utanfor Bergen i 2018, gjekk frå byks i overflata til dykk på 487 meter. Den kan du lese meir om her: Sjekk reiseruta til makrellstørja

Meir fisk gir meir kunnskap

Alt tyder på at forskarane skal få meir å fortelje når verdas største tunfisk no er eit årleg innslag i norske hav- og kystområde.

Nyleg blei det kjent at Norge får dobla sin del av den totale kvotekaka på makrellstørje til 239 tonn i 2019. For havforskarane betyr det fleire prøver og meir spennande forsking.

– Dess meir spreidde prøvane våre er, dess meir representative blir dei. I 2016 var heile kvota fylt med 191 individ i eitt notkast. Då fekk vi prøvar frå berre ein stim. Fleire fangstar spreidd over tid og rom, gir mest mogleg kunnskap, seier Nøttestad.

Han ser fram til å formidle meir størjefakta i åra som kjem.

Høyr også Tekfisk sin podcast frå i fjor sommar der Leif Nøttestad var gjest: