Gå til hovedinnhold

Tilrår kvote for tobis på 55.000 tonn


HI 001714

Den slanke torpedoforma kroppen gjer tobisen egna til å grave seg ned. Kroken på underkjeven brukar den til å bore seg ned i sanden med.

Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

NORDSJØEN, NORSK SONE: Godt med fisk på tobisfelta i sør, men framleis kritisk lite lenger nord. Forskarane rår til ei førebels kvote på 55.000 tonn i 2019.

– Det norske tobisrådet blir oppdatert i mai etter eit nytt tokt der vi ser på korleis det går med rekrutteringa, seier havforskar og bestandsansvarleg Espen Johnsen.

Tobisane brukar mykje av livet nedgravne i sandbotn, der dei ligg i dvale om vinteren. Fisken finn vi på kjende tobisfelt, avgrensa område med rette botnforhold. Forskarane kan dermed berekne bestanden i kvart område for seg.

– Bestanden av vaksen tobis er høg sør i den norske delen av Nordsjøen. Men nord på felta AlbjørnLing, Nordgyden og Vikingbanken er bestanden kritisk låg. Dette er ingen ny situasjon, fortel Johnsen.

Vikingbanken har vore stengt for fiske sidan midten av 2000-talet, og rekrutteringa har vore dårleg sidan 1995. Forskarane rår til at dei kritiske områda heller ikkje no blir opna for fiske. (Les rapporten bak kvoterådet.)

Treåringane held bestanden i god forfatning

På tokt brukar forskarane ekkolodd, trål og ei botnskrape for å «telje» tobis. Dei reknar ut kor mange tonn fisk det er (biomasse), kor mange individ det er og kor gamle dei er.

Forskarane er særleg opptatt av dei yngste fiskane. Kor mange fisk som har overlevd sidan dei klekte i fjor, seier noko om kor mykje det er berekraftig å fiske i år.

– Tokta våre i fjor viste at 2017-årsklassen var svak. Det er årets treåringar som held bestanden på eit godt samla nivå. 2016-årsklassen var truleg den beste sidan 1996, seier Espen Johnsen.

Det førebelse kvoterådet i februar er i stor grad basert på "skrapetoktet" som målar rekrutteringa desember året før.

Henta seg inn etter iskald vår

Under fjorårets seine og kalde vår var forskarane uroa for dei unge tobisane. Fiskane var skrinne. (LES OGSÅ: Uvanleg tynn tobis overraskar forskarane)

– Dei greidde heldigvis å feite seg opp utover mai, og dermed auka biomassen av tobis kraftig, seier Johnsen.

Til våren har HI eit nytt tobistokt der forskarane brukar ekkolodd for å sjå korleis bestanden har utvikla seg. Resultata frå dette toktet gir grunnlag for ei oppdatering av kvoterådet 15. mai.

Håpar på ung, lovande 2018-tobis

For at forskarane skal tilrå ei auke i kvota, må dei sjå gode tal for 2018-rekruttane.

– Resultata frå skrapetoktet er lovande, men denne indeksen har stor usikkerheit aleine. I tillegg er desember-april ein kritisk periode for ung tobis, seier Johnsen.

– Det er derfor vi målar med ekkolodd før vi gir eit oppdatert kvoteråd i mai. Før den tid er vi forsiktige i anslaget.