Gå til hovedinnhold

Redusert eggmengde i Repparfjorden og Revsbotn


repparfjorden

Til eggundersøkingane brukar forskarane ein egghåv. Håven vert drege gjennom vassøyla og fiskeegga, dyreplankton, algetrådar og mikroplast legg seg i botnen på håven.     

Fjorårets undersøkingar i dei to fjordane viser at talet på egg er gått ned med rundt ein tredjedel i begge fjordane samanlikna med 2017.  

Det er no publisert fire år med eggundersøkingar i Repparfjorden og Revsbotn. Målet med eggundersøkingane er å følgje med på kor og korleis gytinga i Repparfjorden skjer, før og eventuelt etter eit sjødeponi for gruveavfall blir etablert. Revsbotn er kontrollfjord.

Viktig tidsserie

Rapporten for 2018 kjem ut samstundes som forskar Terje van der Meeren har byrja å førebu årets eggundersøkingar; som blir dei femte i rekkja. 

– Tala for 2018 viser ein variasjon som vi ikkje har observert tidlegare. Det viser kor viktig det er med gode tidsseriar når vi skal vurderer effektar på økosystemet før og etter påverknad frå menneskeleg aktivitet, seier Terje van der Meeren.

Vindfullt og kaldt

Det kan vera fleire grunnar til at det vart funnen færre egg i 2018, men det er vanskeleg å slå fast kva faktorar som har spela den største rolla, i følgje Terje van der Meeren. 

– Dei egga vi fann var spreidde over eit større område av fjorden. Det kan også sjå ut som eldre egg var fjerna frå fjorden på grunn av straumtilhøve eller lågare temperatur, fortel han.

Det er også funne øydelagde egg. Skadene kan koma frå angrep av mikrobar, men dette fenomenet var det mest av i Revsbotn. At eggmengdene var redusert like mykje i begge fjordane tyder på ein større, regional påverknad, seier Terje van der Meeren. 

Naturleg variasjon

Terje van der Meeren seier han eigentleg hadde venta større mellomårleg variasjon i dei to fjordane.

– Det har vore veldig stabilt dei tre første åra, og så skil 2018 seg ut med ein klar nedgang. Fordi undersøkinga går over fleire år, får vi svært nyttig informasjon om kor mykje eggmengda kan skifta innanfor grensene for naturleg variasjon.