Seismisk skyting skadar ikkje raudåte noko særleg

  • calanus finmarchius terje van der meeren hi.jpg

    Raudåte (Calanus finmarchius) er eit dyreplankton som spelar ei avgjerande rolle i økosystemet i Norskehavet.

    Fotograf: Terje van der Meeren / HI
  • Seismic ship 02-2.jpg

    Med dette fartøyet gjorde forskarane dei seismiske undersøkingane.

    Fotograf: Havforskningsinstituttet
  • B2 luftkanonen.jpg

    To samankopla luftkanonar blei brukt i dette prosjektet.

    Fotograf: Havforskningsinstituttet

Feltforsøk viser at seismikk ikkje skader det viktige dyreplanktonet: Det er ingen effekt så lenge luftkanonane er meir enn ti meter unna. På kortare hald var dødelegheiten aldri meir enn 30 prosent høgare enn i kontrollgruppa.

Raudåte er eit dyreplankton som spelar ei avgjerande rolle i økosystemet i Norskehavet – den er sjølve livretten for fleire viktige fiskebestandar.   

I Norskehavet blir det også utført seismiske undersøkingar. 

Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølgjer som blir skutt ut ved at mange luftkanoner blir avfyrt samtidig.

Ved å analysere ekkoet av denne lyden, kan geologane få eit bilete av korleis havbotnen er sett saman, og om det er olje- og gassførekomstar i området.

Seismikk føregår ofte i viktige fiskeområder

– Vi forskar på korleis seismikk kan påverka livet i havet. Sidan raudåta spelar ei så viktig rolle i økosystemet, er det naturleg at vi undersøker om raudåta døyr av seismiske lydbølgjer.

Låg dødelegheit med over 10 meter avstand

For å finne ut dette, drog forskarane ut i felt til øygruppa Austevoll i Hordaland.

Dei skaut seismikk med ulike avstandar frå dyreplanktonet – frå heilt tett på, til 25 meter unna. Samtidig hadde dei ei kontrollgruppe med raudåte som ikkje var i eit område med seismikk.

– Med ein avstand på mellom 0 og 5 meter, såg vi ein auka dødelegheit samanlikna med kontrollgruppa, fortel Handegard.

– Ei veke etter skytinga var også dødelegheita 9 prosent større for planktonet som var plassert ti meter unna luftkanonane, enn for kontrollgruppa.

– Men for gruppa som vart utsett for seismikk på 20 meters avstand, var det ingen forskjell samanlikna med raudåte som ikkje hadde blitt utsett for seismikk i det heile.

 Inga endring i fluktrespons

Forskarane undersøkte ikkje berre om dødelegheita auka for raudåta, men også kor vidt raudåtas evne til å flykte frå fare vart påverka.

– Raudåta har «antenner» som gjer at dei kan «føla» eventuelle predatorar, og som igjen gjer at dei kan flykta. Det vi lurte på var om denne responsen vart påverka, til dømes ved at antennene vart skada, fortel Nils Olav Handegard.

Men ein slik effekt såg ikkje forskarane noko teikn til.

– Raudåta si evne til å flykte unna vart ikkje påverka, uansett kor nært eller fjernt den var frå luftkanonane, seier HI-forskaren.

Få negative effektar for raudåta

Feltforsøka klarte ikkje påvise store negative effektar av seismikk på raudåte.

– Desse resultata tyder på at seismikk påverkar raudåte i lita grad, så sant planktonet er meir enn ti meter unna luftkanonane. Vi fann ingen målbar effekt på lengre avstandar, avsluttar Nils Olav Handegard. 

Forskingsprosjektet og den vitskapelege artikkelen er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og Bigelow Laboratory for Ocean Sciences, USA.