Historisk kunnskapsløft for Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden

Fraktebåt_i_Skagerrak.jpg

Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden er eit unikt havområde. Der finn vi eit urbant fjordsystem, open kyst som er viktig for transport, industri, næring og rekreasjon, verneområde, gode djup og delvis isdekning på vinteren. (Foto: Øyvind Holmstad - creative-commons lisens CC BY-SA 3.0)

Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden er tidvis kalla det gløymde havområdet, men det blir det definitivt slutt på no. Tre universitet og tre forskingsinstitutt går saman i ei tverrfagleg satsing for å læra meir om Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden.

Det var tett mellom rektorane og direktørane då nyhenda om det store samarbeidsprosjektet «Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden: Kunnskapsutvikling for et friskt og produktivt havområde» blei lansert midt under Arendalsuka.

Kunnskap og utdanning

Det er ikkje nytt at dei seks institusjonane (sjå faktaboks) samarbeider, det nye er at det marine samarbeidet blir formalisert og prioritert i form av ei tverrfagleg regional satsing.

Tre universitet og tre institutt samlar kreftene i ei tverrfagleg marin satsing. Begeistringa var stor hos havforskingsdirektør Sissel Rogne (t.v.), UiO-rektor Svein Stølen og UiA-rektor Sunniva Whittaker. (Foto: Marie Hauge / Havforskningsinstituttet)

Satsinga inneber også eit større utdanningsopplegg.

Det er institusjonane sjølve som har teke initiativ til å skapa ein felles plattform for forsking, utdanning og formidling. I Arendal vart det presentert smakebitar på eksisterande, gryande og framtidige forskingsprosjekt. Fleire av dei koplar klassiske disiplinar som biologi og oseanografi med nyare fag som data science og genomikk.

Modellhav og kunnskapsoverføring

Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden eignar seg som forskingsfelt langs fleire aksar. Havområdet er veldefinert med grense til Nordsjøen i vest og Østersjøen. Halvparten av befolkninga i Noreg og svært mange svenskar og danskar lever opp mot det, og miljøpåverknaden er stor.

Dette gjer også at Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden eignar seg særs godt som modellhav – kunnskapen frå samarbeidsprosjektet vil ha stor overføringsverdi til andre havområde.

Relaterte saker

Eggtokt Oslofjorden frå Scanpix.jpg

Kronikk: Oslofjorden er syk – kan den kureres?

Oslofjorden lider av langvarig overfiske, grumsete flomvann og høy temperatur. Pasienten lever, men den trenger ny behandling.

HI-000190.jpg

Får millionstøtte til Frisk Oslofjord

Den økologiske tilstanden i Oslofjorden er svekket. Flere fiskeslag er i ferd med å bli borte og viktige leveområder som tareskog og ålegrasenger har gått tilbake. Prosjektet Frisk Oslofjord skal bidra til å snu utviklingen.

Gytetokt-i-Oslofjorden-redi.jpg

Eggjakten i Oslofjorden er fullført

Forskningsfartøyet «G.M. Dannevig» har nå samlet inn fiskeegg fra Oslo i nord til Kragerø i sør. Eggene er viktige når oppdaterte kart over fjorden skal lages.

IMG_7946.jpg

Bli med på Krafttak for kysttorsken!

– For å finne gode friområder for torsken, vil vi vite hvordan du bruker Oslofjorden. Vis oss på kartet her!