Forskar vidare på den gåtefulle Jan Mayen-torsken

  • geirii.jpg

    "Geir II" brukar to døgn frå Ålesund til Jan Mayen.

    Fotograf: Jan Sindre Stanghelle (etter avtale)
  • IMG_20190804_103726_2.jpg
    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet
  • moonpool.JPG

    Line med torsk kommer opp av dragerbrønnen på Geir II. Dette bildet er fra forrige tur med "Geir II" i vår.

    Fotograf: Audun Hjertager / Havforskningsinstituttet
  • IMG_20190809_100832_2.jpg

    Linebåtane "Geir II" og "Nesbakk" har fått kartleggningskvoter på 400 tonn torsk kvar ved Jan Mayen. 

    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet
  • IMG_20190809_102637_9.jpg

    Jan Mayen har inga havn. Harald Næss måtte derfor bli skyssa til land med MOB-båten. Her i Hvalrossbukta.

    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet
  • IMG_20190812_144338_0.jpg

    Jan Mayen er ei norsk, vulkansk øy heilt nordvest i Norskehavet. Grønland er nærmaste, større landmasse.

    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet
  • IMG_20190809_135932_4.jpg

    Forsvaret og Meteorologisk institutt har stasjonar på Jan Mayen.

    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet
  • IMG_20190814_170615_5.jpg

    For å få ein meir effektiv tur, hadde havforskarane avtalt skyssen heim med Forsvaret.

    Fotograf: Harald Næss / Havforskningsinstituttet

Vi var med «Geir II» på kartleggingsfiske ved Jan Mayen, der det nyleg er funne betydelege mengder gytande torsk.

– Den siste fangsten viser at torsken både gyter der og beiter utover sommaren, fortel forskingsteknikar Harald Næss.

Fiskebåten «Geir II» er no på sin andre tur til Jan Mayen med ei kartleggingskvote på 400 tonn torsk. Harald Næss var med første del av turen for å sikre fleire prøvar av den «nye» fisken.

Fann ukjent torsk langt nordvest

Det var i fjor at linebåten «Loran» gjorde eit varp på 450 tonn torsk så langt nordvest du kjem i Norskehavet.

Fangsten vekte stor interesse i næringa. Kva torskebestand var eigentleg dette? Spørsmålet er både vitskapleg og politisk.

Nærings- og fiskeridepartementet lyste ut ei eiga kvote for kartleggingsfiske i området, blant anna til «Geir II».

Mest var skrei

– DNA-prøver av den første fangsten til «Loran» viste at om lag 60 prosent var nordaustarktisk torsk, eller skrei som vi kallar fisken i Nord-Norge, fortel havforskar Bjarte Bogstad.

Litt over 30 prosent var islandstorsk og sju prosent viste seg å vere kysttorsk frå Norge.

Følger opp fisken

«Geir II» drog frå Ålesund 30. juli og er venta tilbake i månadsskiftet august/september.

– På første etappe sette vi 5000 linekrokar på ni faste stasjonar. Deretter fortsette båten i vanleg fiske, og har så langt landa 117 tonn torsk, seier Harald Næss.

Han har tatt DNA-prøver, registrert alder, kjønn og mageinnhald av om lag 150 utvalde torskar.

På førre tur med «Geir II» i vår blei gytande torsk dokumentert i området for første gong. Torsken dei fekk denne gongen, hadde gytt.

Mykje mat i magane

– Fisken var likevel feit og fin. Ut frå mageinnhaldet ser det ser dei ut til å ha god tilgang på små krepsdyr, akkar og reker.

Torsken stod denne gongen på langt grunnare vatn enn då «Geir II» gjekk på sin første kartleggingstur i vår. På den grunnaste plassen dei fiska, var det berre 30 meter djupt.

Når «Geir II» kjem heim med prøvane, set forskarane i gang å analysere genetikken og øyresteinane deira. Sistnemnde avslører fisken sin alder.

Forskingsteknikar Harald Næss var så heldig å få haik heim med forsvaret sitt Herkules-fly.

For å få ein meir effektiv tur hadde havforskarane avtalt skyssen heim med Forsvaret. (Foto: Harald Næss / Havforskningsinstituttet)