Gå til hovedinnhold

Mikroplast under lupa


IMG 0160

Plasten blir broten ned av ver, vind, sol og sjø til stadig mindre bitar. Også dei bitane som er så små at du ikkje kan sjå dei kan gjere skade.

Fotograf: Torhild Dahl/ Anders Jakobsen

Vind, sol og bårer tærer på plasten som forsøplar strendene og havet. Plasten blir delt opp i små bitar som aldri blir borte, sjølv ikkje når bitane er så små at du ikkje kan sjå dei lenger. På Forskningstorget i Bergen kan du sjølv prøve å finne mikroplasten under lupa.

– I realiteten blir plasten aldri heilt borte, for han blir berre delt opp i stadig mindre bitar. Til slutt blir han usynleg for oss, men han blir ikkje borte.

Det seier Bjørn Einar Grøsvik, forskar ved Havforskningsinstituttet. Grøsvik og forskarkollegaene hans stiller på stand under Forskningstorget i Bergen denne helga, og her kan du kome innom og sjølv leite etter små plastfiber ved hjelp av mikroskop. Ser du skilnaden på ein planktontråd og ein plasttråd?

Ein plastkopp duppar mellom tangen på Sotra i Hordaland. (Foto: Torhild Dahl/ HI)

Kan ende opp i kroppen

Dei siste åra har fleire fått augene opp for problemet med plastforsøpling av havet. Vi har sett at kval og fisk og sjøfugl trur plast er mat, og at plasten endar opp i magen deira. Den store plasten fortrenger plassen som maten skulle hatt, men den minste plasten er også eit problem.

Mikroplasten blir ikkje verande i magesekken eller i tarmen, men han blir tatt opp gjennom tarmveggen og kan ende opp i levera, nyrene, blodet eller i lymfene. Er partiklane små nok kan dei også kome inn i hjernen.

Byggjer eige plastlaboratorium

Mikro- og nanoplasten kjem både frå plast som er laga for å vere liten, slik som i kosmetikk, og i frå plast som har blitt broten ned. Den viktigaste kjelda til mikroplast i Norge er bildekk.

Ved Havforskningsinstituttet er ein i gong med å etablere eit plastlaboratorium som er skreddarlaga for å forske på mikro- og nanoplast. Laboratoriet vil få svært avanserte mikroskop som kan avdekkje sjølv dei minste plastpartiklar. Her vil dessutan lufta vere filtrert og med overtrykk for å unngå at plaststøv i lufta forureinar dei vitskaplege prøvene.